Nord-Fron kommune

Ny krisepakke for frivillige lag og organisasjonar

Ny krisepakke for frivillige lag og organisasjonar

Klikk for stort bileteEin ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med covid-19-utbrotet.  

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som lanserar krisepakke 2, som gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  

Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Der er no opna for å søke - søknadsfristen er 15. september. 

Det kan søkast om: 

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet i perioden.

Les meir og søk på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine heimesider.