Nord-Fron kommune

Nye politivedtekter for Nord-Fron

Nye politivedtekter for Nord-Fron

Nyttårsrakett - Klikk for stort bileteNyttårsrakett Nye politivedtekter for Nord-Fron kommune trådte i kraft frå 19.oktober 2019.

Dei nye politivedtektene for Nord-Fron kommune omfattar m.a. ro og orden i lokalsamfunnet vårt (reglar om bruk av fyrverkeri), sikring av ferdsel, reglar for reinhald og forsøpling på offentleg stad og arrangement på offentleg stad.

Her er ein del mindre endringar frå tidlegare politivedtekter, og det er det gjort greie for i kommunestyre-sak 44/18 (PDF, 223 kB).

Politivedtektene er reglar som gjeld for lokalsamfunnet vårt og som politiet håndhevar.

Dei nye politivedtektene erstattar tidlegare politivedtekter frå 1997. Vedtektene vart endeleg vedtatt i kommunestyret 14.12.18, sak 95/18 (PDF, 124 kB).