BookUp har mange nyttige funksjonar. Blant anna kan du som ønskjer å leie bygg lett få oversikt over alle tilgjengelege
utleieobjekt, og enkelt sjå i kalender når objektet er ledig.
Du får også enkelt oversikt over kva pris utleieobjektet vil koste for den aktuelle perioda du ønskjer å leige det, og tilpassa pris utifrå om du leier som privatperson, lag/forening eller bedrift.
Ein av hovudgevinstane ved BookUp vil vera at du no slepp å bruke tid på å kontakte forskjellige ansvarlege for dei forskjellige bygga i kommunen, for å spørre om pris, størrelse og når objektet er leidg - no finn ein all denne info i BookUp. Dette gjer det meir publikumsvennleg.
Og skulle du stå heilt fast i din søken etter ledige lokaler er det sjølvsagt berre å ringe.
Dersom du frå 1. januar ønskjer å booke bygg via BookUp kan du allereie no opprette deg ein bruker. Dette gjer du inne på www.bookup.no.
BookUp erstattar DM Booking frå 1. januar.
Kva bygg kan du leie?
I første omgang vil det bli høve til å bruke BookUp til å leige Gammelbanken, Vinstra kino, Kvam bygdahus, Kvam trivselsbad, Kvamstunet, Kåja idrettspark, Vinstrahallen, og Rondane høgfjellscene.
Etterkvart vil fleire kulturbygg og idrettsanlegg bli lagt til i løysinga.
For lag og organisasjonar
Før jul blir det sendt ut informasjon til alle lag og organisasjonar som nytter bygga som no skal over til BookUp. Alle avtalte tider i bygga blir overført, og knytta til ditt lag/organisasjon. Gjennom bookup.no kan alle no enkelt styre si tildelte tid på dei forskjellige bygga, og enkelt kommunisere med den som er ansvarleg for bygget.