Nord-Fron kommune

Oppgradering av parkeringsplass

Oppgradering av parkeringsplass

Klikk for stort bileteParkeringsplassen på oversida av kommunehuset  får no ei etterlengta oppgradering. Trafikksikkerheit er ein av hovudårsakane til at området no blir utbetra, i tillegg til behov for fleire plassar, betre avfallshandtering og ladestasjon for el-bilar.  

Sak om oppgradering av parkeringsplassen var oppe i Nord-Fron Formannskapet torsdag 18. februar, i Kommmunestyret  23. februar. Det vart vedtatt ei tilleggsbevilgning på 2,9 millionar kroner til prosjektet, som får totalkostnaden opp i 6,7 millionar eks. mva.

I tillegg til 20 nye ordinære parkeringsfiler, med betre plass i mellom, blir det også fire ladestasjonar for el-bil. Stadig fleire, både  tilsette og besøkande, nytter el-bil, og ønskjer ladestasjon på austsida av Vinstra.

I haust vart Høgtun, bygget som husa prestekontoret, rive. No blir tomta for Høgtun hovudinnkøyringa til parkeringsplassen til kommunehuset. Den kjende rallarstatuen blir flytta, men skal framleis ha utsikt til Vinstradalen.

Ny innkøyring blir betre tilrettelagt for sikrare inn- og utkøyring av parkeringa, og gjer at varelevering kan foregå på ein meir forsvarleg måte. Fotgjengare får også betre og meir trafikksikker ferdsel, både til og frå kommunehuset, Folkets hus, og Palmerhagen/Nedregata.

«Området er meir enn berre ein parkeringsplass», seier tenesteleiar for teknisk Bjørn Bjørke. «Dette området er det fyste folk ser når dei kjem til kommunehuset sin inngang til 4. etasje. Området blir no forskjønna, med nytt gjerde opp til Gudbrandsdalsvegen, og med etterlengta mulegheiter for å lade el-biler.»

Han syner til at mykje har endra seg sidan bygginga av plassen.

«Kommunehuset er no kontorplass for fleire medarbeidarar enn kva det var tidlegare. Dette heng blant anna samen med at det regionale NAV-kontoret no ligg her. I tillegg er det behov for fleire parkeringsplassar knytt til aktivitet på ettermiddag og kveld for Fron kulturskole og Vinstra kino etter at det kom nye bustader på parkeringsplassen som publikum nytta før.»

Dagens ordning med fleire avfallscontainere på parkeringsplassen blir også endra. No blir det lagt til rette for avfallsløysing med molok. Desse imøtekjem sikkerheitsforskrift – og er med på å gjera området på oversida av kommunehuset meir attraktivt for besøkande.

Arbeidet med oppgraderinga tek til våren 2021.