Peer Gynt-prisen 2024 til Leger uten grenser

Laurdag 3. august vart Peer Gynt-prisen for 2024 delt ut til Leger uten grenser. I tillegg til prisen gav ordførar i Nord-Fron, Anne Marie Olstad, kr. 20.000 i Spleis til vinnarane, til støtte for det gode arbeidet. 

Anslagsvis 900 publikummarar møtte opp i Vinstra park for å sjå utdelinga av prisen. Frå scena vart prisvinnarane hylla av mellom andre Ingrid Olava, Norsk Et Lite Kor og ei rekke tidlegare prsivinnarar. 

Både Liv Ullmann, Maja Lunde, Åsne Seierstad med fleire gratulerte prisvinnarane Morten Rostrum og Lindis Hurum frå scena. 

Gåve til Leger uten grenser

I tillegg til prisen oppmoda både programleiar Ellen Horn og ordførar Anne Marie Olstad publikum om å gje ei pengegåve til Leger uten grenser, til støtte for den viktige jobben dei gjer i humanitære kriser over heile verda. 

Ordføraren støtta Spleis'en med kr. 20.000, og oppmodar andre kommuner og innbyggjarar til å gjera det same. 

Her er lenke til Spleisen!