Nord-Fron kommune

Program for sommaren 2022

Program for sommaren 2022

  Øykjelykkjesetra ønskjer velkomé til nok ein innhaldsrik sommar på fjellet.

Laurdag 30. juli
SkarWorX - Konsert og premiere på den nye musikkvideoen til SkarWorX - soloprosjektet til Øystein Skar frå Vinstra. Kvelden vil innehalde visning av video og artist-talk, dans, cellokonsert og sjølvsagt eit utdrag ifrå SkarWorX si musikalske vandring. Kvelden vil både væra litt ute og inne.

Medverkande er Øystein Skar, Sudesh Adhana - dans, Dorran Alibaud på cello, Ingrid Mehus på fiolin med flere. 

Inngang: kr. 300,-.

Konsertstart: 19:30.

 

Fredag 5. august:
I fleire år har Øykjelykkjesetra hatt arrangementet «Årets Råtass». Dette har resultert i ein heil del magiske augneblink. Konseptet går ut på å utfordre ein musikar som setra sett umåtelig pris på, til å lage ein kveld på setra. I år derimot, gjer vi det litt annleis; vi tek med oss tidligare Råtassar og lagar eit nytt band. Nemleg bandet «Ø». Dette bandet består av stjernelaget;
 Rolf-Erik Nystrøm - saksofon, Ståle Storløkken - keyboards, Ingebrigt Håker Flaten - bass  og Audun Kleive - trommer. Kva som blir presentert her er heilt opent. Blir det jazz? Blir det Åge? Blir et saloonmusikk? Blir det dans? Kven veit. Det einaste som er sikkert er at det er fire heilt fantastiske Råtassar som kjem.

Inngang kr. 300,-.

Konsertstart: 19:30.

 

Fredag 19. August: 
Det svenske bandet Sagor & Swing speler jazzig fantasymusikk. Eric Malmberg speler på tangenter og Ulf Möller på trommer og perkusjon. I høst kommer en bearbeidet versjon på vinyl av den kritikerroste skiva "Melodier och Fåglar", fra 2002. Live improviserar gruppa rundt låtane frå skivane, saman med elektronisk generert ambiensar. Da kan altså litt som helst skje med lydlandskapet under konserten! HOTBOX har spelt på gata i Hanoi, Cape Town, på PIPfest, Lyse netter i Moss, inne på Blitz og på galleriar og i sumar på Risør kammerfest som Risør torturkammerfest. Nå er det setra sin tur, bli med på folkeleg støymusikk inne i ein bil - den kjem til å bli rigga opp i stulen.

Inngang kr. 300,-.

Konsertstart: 19:30

Sjå https://www.facebook.com/oykjelykkjesetra/ for utfyllande informasjon om aktørane og arrangementa.

Ta gjerne med telt viss du vil overnatte. Setra har skjenkebevillning og kjøttkaku på gaffel. Billettar kan bestillast på simen.skoe@gmail.com, eller kjøpast i døra viss det ikkje er utseld. Setra har ikkje straum og mobildekning så du veit det.

Velkomé te seters.


Beste helsingar
Øykjelykkjesetra

 

Øykjelykkjesetra blir støtta av: 
Norsk Kulturråd, Innlandet Fylkeskommune og Nord-Fron kommune.

Tilbakemelding