Nord-Fron kommune

Redusert foreldrebetaling i SFO

Redusert foreldrebetaling i SFO

Klikk for stort bileteFrå august 2021 blir ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO utvida til også å gjelde 3. og 4. trinn.

Det vil seie at for alle elevane som deltek i SFO (frå 1. – 4. klasse) kan det bli søkt om redusert betaling dersom samla årsinntekt for familien er under 349 433 kr.

Barn med særskilt behov i 5. – 7. klasse vil få gratis SFO og treng ikkje søkje.

For dei familiane som søkjer, skal ingen betale meir enn seks prosent av samla brutto person- og kapitalinntekt per SFO-plass.

For hausten 2021 er søknadsfristen 31.oktober for å få evt. vedtak med verknad frå august.

Her finn du informasjon om at regjeringa utvidar ordninga med billigare skolefritidsordning for familiar med låg inntekt.