Nord-Fron kommune

Refleks gjer deg synleg

Refleks gjer deg synleg

Klikk for stort bilete  Går du utan refleks i mørket vil ein bilist i 50 km/t kun ha 2 sekund på å sjå deg. Brukar du refleks har bilisten 10 sekund til rådigheit.

Kvar vinter utfører Trygg Trafikk fysiske tellingar over heile landet for å finne ut kor mange som faktisk brukar refleks. Tellingane viser at kun 4 av 10 vaksne brukar refleks.

Det er vaksne i alderen 30+ og menn som er minst flinke.  Sjå informasjon og video frå Trygg Trafikk.

Vi er i november månad og det er er mørkt om kveldane og tidleg på morgonen. Pass på å bli sett - bruk refleks!