Du er her:

Samfunnsdelen til kommuneplanen - høyringsprosess

Nord-Fron skal vere ein attraktiv stad å bu, leve og arbeide i. (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bileteNord-Fron skal vere ein attraktiv stad å bu, leve og arbeide i. (Nord-Fron kommune) Nord-Fron kommune har starta opp arbeidet med å revidere kommuneplanen med både samfunnsdel og arealdel. Det er ønskjeleg med brei medverknad frå alle innbyggjarar, hytteinnbyggjarar og næringsdrivande.

Gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel skal kommunen vektlegge viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek for utviklinga av Nord-Fronsamfunnet og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal vise dei overordna måla for kommunen dei komande 11 åra (2017-2028), og utgjer saman med arealdelen i kommuneplanen det overordna planverktøyet for kommunen. Det er i forslaget definert fire overordna målsettingar og sju satsingsområde for planperioden.

Samfunnsdelen vil danne grunnlaget for ein meir konkret handlingsplan. Handlingsplanen har eit 4-års perspektiv, og vil ha ein tett kopling til budsjett- og økonomiplan.

Samfunnsdelen inneheld arealpolitiske retningsliner som eit eige vedlegg. Desse vil legge føringar for dei prioriteringane som blir gjort i arealdelen av kommuneplanen.

Forslaget vart 1.gongsbehandla i Planutvalet 07.03.17 og vart etter det lagt ut til offentleg høyring fram til 30.04.17. Her finn du link til artikkel om Offentleg ettersyn - Kommuneplanens samfunnsdel.

Alle kan kome med innspel til høyringsforslaget, og det er ønskjeleg at flest mogeleg engasjerer seg i kva val vi skal ta for utviklinga av kommunen vår. Innspela må vere skriftlege og kan sendast anten som e-post eller vanleg post til Nord-Fron kommune.

E-post: post@nord-fron.kommune.no

Forslaget er sendt ut til alle offentlege høyringspartar, politiske parti, alle kommunale leiarar og tillitsvalde, og har i tillegg vore annonsert  i GD og Dølen.

Vidare skal det vere folkemøte på Kvamsfjellet og i Skåbu 12. april, samt folkemøte i Kvam 25. april, og 26. april på Vinstra. Det er ønskjeleg at flest mogleg møter – både hytteeigarar og innbyggjarar!

 

Framdrift for vidare behandling:

  • 16.3.2017 - høyring annonsert i GD og Dølen
  • 17.3.2017 - samfunnsdelen til behandling i Ungdomsrådet
  • 20.3.2017 - samfunnsdelen til behandling i Råd for menneske med nedsatt funksjonsevne og Eldrerådet
  • 24.3.2017 - samfunnsdelen til behandling i Helse, Oppvekst og Kultur
  • 29.3.2017 - samfunnsdelen til behandling i Landbruk, Utmark og Miljø
  • 7.45.2017 - samfunnsdelen til behandling i Administrasjonsutvalget
  • 12.4.2017 - folkemøte på Kvamsfjellet og i Skåbu
  • 25.4.2017 - folkemøte i Kvam
  • 26.4.2017 - folkemøte på Vinstra
  • 27.4.2017 - samfunnsdelen til behandling i Formannskapet

Folkemøta vil bli annonsert.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Tom Nøvik. Sist endra 03.04.2017 07:39
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering