Nord-Fron kommune

Satelittsamling på Vinstra ungdomsskole

Satelittsamling på Vinstra ungdomsskole

Klikk for stort bilete Fredag 24. januar var det Satelittsamling for alle elevar på Vinstra ungdomsskole, kor MOT sine grunnverdiar fekk fokus. 

MOT til å leve, MOT til å bry seg, MOT til å seie nei - tre verdiar som skal skape robust ungdom som inkluderar alle.

Som eit ledd i å få til dette hadde Vinstra ungdomsskole fredag si årlege Satelittsamling. 

Kvifor Satelittsamling?

Klikk for stort bileteI MOT-programmet er satelittbaner eit bilete på tilhørigheit og nettverk. Ei satelittbane kan vera vennegjengen, familien, bandet, fotballaget, ungdomsklubben, klassa - og heile skolen! På Satelittsamlinga til Vinstra ungdomsskole blir vi minna på ansvaret vi alle har for å inkludere kvarandre i skolekvardagen. 

Ungdom i fokus

Sjølv om ordførar og MOT-leiar Rune Støstad var programleiar, og rektor Tone Kristin Granskogen vart intervjua, var det ungdommen som stod i fokus. 

Sigmund og Terese er nyutdanna Unge MOTivatorar, og fortalde kvifor dei ønskjer å bidra til eit betre skolemiljø, og om oppgåvene dei har framfor seg. Martin fortalde om sin lidenskap for torader, og spelte til trampeklapp frå publikum. 

Klikk for stort bileteSpelte gjorde også musikklinebandet Groove Division, som var "husband" for høvet. Dei spela både ein eigenkomponert låt, "Åpenbart", samt det som er i ferd med å bli den nye skolesangen til ungdomsskolen, "Goliath" av Laleh. Og dei avslutta så klart med "MOT-sangen", kor heile salen på 200 ungdommar sang med. (etter samlinga var over vart dei også jakta på av autografjegarar frå publikum!) 

 

Klikk for stort bileteKeyboardist i bandet og ung MOT-leiar Sondre Moshagen vart også intervjua av Rune, og han fortalde om kva MOT betyr for han, kva han meiner det vikigaste er, og korleis det er å møte russetid med MOT sine verdiar.  

 

 

På videoinnslag kunne ein også sjå elevar på 10. trinn fortelje om blant anna kva som gjev dei tryggheit og energi. Ein gut i 10. klasse svara følgjande: 

Det som gjev meg tryggheit er å være i eit miljø der eg føler eg kan vera meg sjølv, og ikkje treng å tenkje over kva eg skal seie og gjera, men at det kjem naturleg.