Bakgrunn
Nord-Fron kommune ønskjer å støtte større kultur- og idrettsarrangement . Kommunal støtte til slike arrangement skal stimulere regionale arrangørar til å satse på arrangement av nasjonal betydning. Arrangement skaper engasjement og positive ringverknader, og er med på gjera innbyggjarane stolte av kommunen. I tillegg kan store arrangement vera med på å
gjera kommunen attraktiv for tilflytting og etablering av næring.
Formål
Nord-Fron kommune ønskjer med tilskotsordninga å motivere til auka satsing på
arrangement som er av stor betydning for kommunen.
Søknadskriterier
- Berre arrangement med forankring i Midt-Gudbrandsdalen, som også har betydning for Nord-Fron kommune, kan søkje om tilskot frå ordninga.
- Ordninga gjeld større idretts- og kulturarrangement som også rettar seg mot deltakarar/publikum utanfor vår region.
- For å kunne få støtte frå ordninga, må søkjar kunne vise til at arrangementet vil gje positive ringverknader for nærmiljøet og kommunen sitt omdøme. Søkjar bør også kunne vise til langsiktige resultat utover det enkelte arrangement. Det må derfor utarbeidast ein kortfatta prosjektsøknad som viser mål, potensiale, og budsjett/finansiering for arrangementet. Arrangement vil ikkje få tilsagn om støtte for meir enn eit år om gongen.
- For arrangement som får støtte frå ordninga, skal det kunne avtalast synleggjering av kommunen (f.eks profilering i program eller i samband med gjennomføring av det enkelte arrangement).
Utbetaling av støtte
1. Arrangementet må vera gjennomført i tilsagnsåret.
2. Tilskott blir som hovudregel utbetalt etter at alle tiltak i søknaden er gjennomført og kostnadane er dokumentert i eit sluttrekneskap. Der dugnad er brukt som ein del av finansieringa skal det i rekneskapet gå fram kva slag oppgåver som er utført på dugnad og i kva slags omfang. Dugnad blir godkjent med maksimalt den summen og til dei tiltaka som er oppført i søknaden.
3. Del-utbetaling på inntil 85 % av innvilga tilskot skjer etter søknad, om dette er nødvendig. Dokumentert del-regnskap skal leggjast fram. Siste 15 % av tilskotet skal haldast attende inntil sluttrekneskap for arrangementet er innlevert.
4. Kommunen kan krevje heile eller delar av utbetalt tilskot attende dersom:
- arrangementet ikkje blir gjennomført.
- heile eller deler av tilskotet ikkje er brukt slik det er beskrive i søknaden.
- rekneskapen viser eit kontantoverskot.
Søknadsfrist
- 15. februar. Søknadar etter 15.februar vil ikkje bli lagt fram til behandling.
Behandling
Innkomne søknader vil bli behandla av formannskapet.