Nord-Fron kommune

Stenging av innkøyring til Gamle Skåbuvegen

Stenging av innkøyring til Gamle Skåbuvegen

Skåbuvegen blir opna att for trafikk i byrjinga av veke 36. Da blir innkøyringa til Gamle Skåbuvegen ved Vinstrahallen stengt i ei periode på omlag seks veker. 

Innkøyring til Vinstra vidaregåande skule og bustader langs Gamle Skåbuvegen og Barhaugbakken må køyre via Sundheimsvegen – det blir skilta innkøyring forbudt frå Skåbuvegen. Denne er tenkt til utkøyring av m.a. skulebuss til Barhaug skule.

 

Det vil i denne perioden ikkje vere mogleg å gå frå Furulundvegen og Peer Gynt senteret og over mot Gamle Skåbuvegen/Sorperoa. Her må ein gå via Givravegen eller gangvegen langs Vinstragata. 
 

Bildet nedanfor viser stengte gangvegar illustrert med raude boksar i området.