Du er her:

Stor glede ved opning av rassikra Skåbuveg

Frå vegopninga 07.02.17. (Oppland fylkeskommune) - Klikk for stort bilete Halvor Løkken

Det var mange glade skåbyggingar som møtte fram under opninga av ny tunnell gjennom Høgberget. Alle elevane frå Skåbu oppvekst var møtt fram i tillegg til tverrbygdingar, kvikneværar og andre.

7. februar var det  høgtideleg opning med fylkesordførar Even Aleksander Hagen, ordførar Rune Støstad, byggeleiar Rune Dahl i Statens vegvesen med fleire.

- I dag er ein fantastisk dag for Skåbu og Oppland. Vi i fylkeskommunen er stolte vegeigarar i dag og gledar oss sammen med dykk, sa Hagen, og berømma innbyggarane for tålmodet dei har vist.

Det er Veidekke Entrepenør as som har stått for arbeida, som omfattar utbetring og rassikring av Fv. 255 mellom Graupe og Masseingdalen, samt bygging av ein ca. 250 meter lang tunnell. Arbeida starta opp i oktober 2015.

Frå vegopninga 07.02.17 (Oppland fylkeskommune) - Klikk for stort bilete Halvor Løkken

Nyvegen har kosta 175 millioner kroner, finansiert med statlige rassikringsmidlar og midlar fra Oppland fylkeskommune. Dette er det største rassikringsprosjektet fylkeskommunen har vore involvert i. Svært krevjande grunnforhold gjorde at det i siste fase vart nødvendig med ekstra vass- og frostsikring i tunnellen.

Totalt er det lagt ned 80 000 arbeidstimer og det er flytta på 200 000 kubikkmeter med masse.

Dette handlar fyrst og fremst om trafikktryggleik. Endeleg får vi tryggare veg mellom Skåbu og Vinstra – det er noko som mange eldsjeler har jobba iherdig for i mange år, sa ordførar Rune Støstad. Støstad trekte fram Skåbu bygdautvalg og Bernt Håkon Andresen. Lokalpolitisk har det også vore lagt ned sin stor innsats for utbetring av Skåbuvegen.Tidlegare ordførar Gunnar Tore Stenseng vart trekt fram i denne samanhengen.

Til slutt takka ordføraren politisk leiing i Oppland fylkeskommune for at dei har prioritert Skåbuvegen slik dei har gjort og han takka også Statens vegvesen og Veidekke for arbeidet som er gjort.

 

 

 

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Anita Watterud Heggestuen. Sist endra 09.02.2017 13:09
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering