Nord-Fron kommune

Sykle til jobben-kampanje i Nord-Fron

Sykle til jobben-kampanje i Nord-Fron

Klikk for stort bileteAlle i Nord-Fron kan delta i trimkampanja "Sykle til jobben".

Nord-Fron kommune ved aktivitet- og velferdskomiteen (AVEK) har inngått avtale om å bli med på trimkampanja «Sykle til jobben» i 2020.

Sykle til jobben er ei årleg kampanje, som har mål om å få flest muleg i aktivitet. Kampanjeperioda er frå 19.mai til 30. juni. Dette er ei lavterskel, sosial, miljøvenleg, unik og morosam konkurranse. 

Registrer alt - ikkje berre sykling

Under kampanja registrerar deltakarane ALL sin fysiske aktivitet. Det vil si at det ikkje berre er sykling som gjeld; padling, løping, svømming, klatring, fjellturar og styrketrening er andre eksempel på poenggivande aktivitetar.

Du kan registrere aktiviteten både til/frå jobb, men også fysisk aktivitet på fritida. Ein kan delta individuelt eller som eit lag på maksimalt fem personar saman med vener eller kollegaer.

Sjølv om du er pensjonist eller av andre årsakar ikkje er i jobb, kan du framleis delta. Alle som meldar seg på og registrer aktivitet er med i trekning av premier som blant anna syklar, turer og treningsutstyr!

Gratis for alle i Nord-Fron

Nord-Fron kommune er med, med alle ansatte og alle innbyggere. Det er bare å melde seg på, helt gratis. www.sykletiljobben.no