Nord-Fron kommune

Sykle til jobben - kampanjestart 20.april!

Sykle til jobben - kampanjestart 20.april!

Klikk for stort bilete"Sykle til jobben" er ei årleg  kampanje med mål om å få flest mogleg i aktivitet. Kampanjeperioda er frå 20. april til 18. juni. 

Nord-Fron kommune ønskjer at fleire skal velge ein aktiv reiseveg til jobb og fritidsaktivitetar, samtidig som vi ser at korona gjer at folk har mindre kvardagsaktivitet. Vi håpar at tilbudet om gratis deltaking i årets "Sykle til jobben" aksjon vil vere eit positivt bidrag for meir kvardagsaktivitet og gjerne at fleire byttar ut bilen med sykkel og gange til jobb og fritid ein gong i blant.

Dette er ei lågterskel, sosial, miljøvennleg, unik og morosam konkurranse. "Sykle til jobben" aksjonen er ein nasjonal kampanje arrangert av bedriftsidretten.

Under kampanja registrerer deltakarane ALL fysiske aktivitet. Det vil seie at det er ikkje  berre sykling som tel. Padling, løping, svømming, klatring, fjellturar og styrketrening er andre døme på poenggjevande aktivitetar.

Du kan registrere aktiviteten både til/frå jobb, men også fysisk aktivitet på fritida.

Reglane er enkle. Du får 1 poeng for kvart 30 min du er i aktivitet, og for aktiv reiseveg får du 1 poeng frå første min. Det er maks 3 poeng per dag. Dette kan oppnås med 1,5 time med fysisk aktivitet kvar dag eller ved å ha 3 aktive reiser kvar dag som til og frå jobb og ein tur til butikken.

Det er og mogeleg å delta i lag, dersom det er ønskjeleg. Då kan du gå saman med venner, familie eller kollegaer og opprette eit lag. Det kan vere maksimalt 5 personar på eit lag, men same bedrift kan ha fleire lag.

Sjølv om du er pensjonist eller av andre grunner ikkje er i jobb, kan du fortsatt delta. Alle som melder seg på og registrer aktivitet er med i trekninga av premiar som blant anna syklar, turar og treningsutstyr!

Og det beste av alt: Det er gratis å delta for alle innbyggjarar og tilsette i Nord- Fron kommune!

Registrer deg her!

Meld deg på no og få med venner eller kollegaer. Dei som vervar er med i trekninga av premiar!