Nord-Fron kommune

Utkjøring og tilbakelevering av hjelpemidler - informasjon om prisendring

Utkjøring og tilbakelevering av hjelpemidler - informasjon om prisendring

Frå 1. september vil brukarar måtte betale for å få tilkjørt eller levert tilbake hjelpemiddel som er lånt frå kommunalt hjelpemiddellager.

Utkjøring og tilbakelevering av hjelpemiddel har tidlegare vore gratis, men med vedtaket i K sak 10/21 er det vedtatt  - basert på satsar tatt i andre kommunar -  frå 1. september 2021 ein sats på kr 200 for utkjøring/tilbakelevering av hjelpemidlar ( kortvarig lånt) til lokalt hjelpemiddellager. 

Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast og leverast av brukar.

Vi oppfordrar til at brukarar hentar sjølv, eller får nokon til å hente for seg.

Her finn du meir
Informasjon vedr. kortvarig lån/langvarig lån, vedlikehald/reparasjon, pris og fakturering - gjeldande frå 1. september 2021.  (PDF, 455 kB)

Kontakt evt.  Hjelpemiddelservice - tlf. 908 24 509