Utvida opningstid og gratis lågterskeltilbud for alle unge

Helsesjukepleiarane Marianne Meldal og Jorand Lien utanfor inngangspartiet til helsestasjon for ungdom - Klikk for stort bileteHelsesjukepleiarane Marianne Meldal og Jorand Lien ønskjer all ungdom velkommen til helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) har no fått utvida opningstida frå ein til fire timar i veka. Tilbudet er for ungdom mellom 13 - 20 år i begge Fronskommunane og her kan dei unge ta opp med helsesjukepleiar og lege alt som omhandlar fysisk/psykisk og seksuell helse . 
HFU held til i bygget inntil Vinstra legekontor. 

- Sør-Fron kommune har gitt ressursar tilsvarande ei 20% stilling til HSU og helsesjukepleiestilling på Vinstra vidaregåande skule seier helsesjukepleier Marianne Meldal. Det gjer det mogeleg no å ha lengre opningstid. 

Denne utvida opningstid-ordninga varer i første omgang fram til jul så vi håpar at ungdommen ser nytte av å bruke oss. I tillegg til å møte helsesjukepleiar kan du innafor opningstida også få treffe lege mellom kl. 14.30 - 15.30.

Det er stort sett elevar frå Vinstra vidaregåande skule- og siste året på ungdomsskulen - som brukar tilbudet.

- Her er flest jenter som brukar oss, så vi oppfordrar gutane til også å stikke innom oss om det er noko dei kjenner på eller har spørsmål om.

Det at du også kan få gratis legeteneste på HFU er kanskje noko ikkje alle har fått med seg.

Vårt inntrykk er at ungdommen synest det er fint å ha eit slikt tilbud der ein kan treffe nokon som kan veilede og gje råd og som ein ikkje møter dagleg på skulen eller heime.

HFU markedsfører seg på skulane og via Instagram, men det er alltid fint å få fortalt både om tilbodet og kvar vi held til seier helsesjukepleiarane Marianne og Jorand Lien.

Fysisk plassering  av HFU er sentral i forhold til den vidaregåande skulen og legetenesta. Resten av helsestasjonstilbudet er lokalisert på Sødorptunet.
Helsesjukepleiarar tilknytta HFU er Marianne Meldal,  Jorand Lien og Berit Muriteigen.

Bilde av fellesrom med sittegruppe - Klikk for stort bileteLyse og trivelege lokale på HFU Her skal alle kjenne seg velkomne!