Nord-Fron kommune

Vannmålaravlesning 2022 - fristar og avregning av forbruk

Vannmålaravlesning 2022 - fristar og avregning av forbruk

Det er mogeleg for abonnentar på kommunal vannforsyning med vannmålar å lese av vannmålaren sin via SMS, på nett, eller med avlesningskort.

Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrert via SMS og oppfordrer difor alle til å svare via SMS. Når du les av standen, ikkje ta med raude tall eller tal bak komma. Etter innmeldt målarstand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake. Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesningskort i posten.
Frist for avlesning er 6. november 2022 via SMS.

Les du av på nett må du oppgi ei 6 tegns registreringskode som du ser på avlesningskortet (koda er for å knytte registreringa di til rett målar/målarpunkt).

For avlesing på nett –  www.leseav.no  - og registrer målaravstand ved hjelp av din unike kode som står på avlesningskortet.
Frist for avlesning er 1. desember 2022 på nett

Avlesningskort (papir) blir på vanleg måte sendt til deg som ikkje er oppført med mobilnummer eller eventuelt ikkje svarar på SMS. Dette blir sendt ut i løpet av veke 47.

Når du mottek avlesningskort kan du registrere avlesninga di på nett eller returnere svarslippen.  
Frist for innsending er 1. desember 2022.

Mange har spørsmål til avlesning av vannmålarstand. Dette gjeld særleg korte tidsfristar og avregning forbruk.

Får du ikkje lest av målarstand før lenge etter fristen har gått ut?
Om du ikkje får lest av målarstanden innan fristen så blir forbruk stipulert til det som vart avlese i 2021.

Tilbakemelding