Nord-Fron kommune

Vassmålaravlesing 2019

Vassmålaravlesing 2019

Klikk for stort bileteDet er mogeleg for abonnenter på kommunal vassforsyning med vassmålar å lese av vassmålaren sin anten via SMS, på nett, eller med avlesningskort.

Registrering via SMS: Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrert via SMS og oppfordrer difor alle til å svare via SMS. Når du les av standen, ikkje ta med raude tall eller tal bak komma. Etter innmeld målarstand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake. Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesningskort i posten. Frist for avlesning er 13. november 2019 via SMS. Her finn du meir informasjon om registrering via SMS.

Les du av på nett må du angje ei 6 teikns registreringskode som du ser på avlesningskortet (koda er for å knytte registreringa di til rett målar/målarpunkt). For avlesing på nett – her er link til avlesing på nett og registrer målaravstand ved hjelp av din unike kode som står på avlesningskort. Frist for avlesning er 1. desember 2019 på nett.

Avlesningskort (papir) blir på vanleg måte sendt til deg som ikkje er oppført med mobilnummer eller eventuelt ikkje svarar på SMS. Dette blir sendt ut i løpet av veke 47.

Når du mottek avlesningskort kan du registrere avlesninga di på nett eller retunere svarslipp. Frist for innsending er 1. desember 2019.

SPØRSMÅL: Mange har spørsmål til avlesning av vassmålarstand. Dette gjeld særleg korte tidsfristar og avregning forbruk.

Får du ikkje lest av målarstand før lenge etter fristen har gått ut: (t.d. på hytta di) så les du av vassmålaren når du har anledning, og leverer avlesning på svarslipp til kommunen.
Då blir evt. feilmargin regulert på neste termin. 

Om du ikkje får lest av målarstanden innan fristen så blir faktura stipulert til det forbruket som vart avlese i 2018.