Du er her:

Vassmålaravlesing - fristar og avrekning forbruk

Vassmålaravlesning via SMS - Klikk for stort bilete Det er mogeleg for abonnentar på kommunal vassforsyning og/eller kommunalt avlaup med vassmålar å lese av vassmålaren sin via SMS, på nett eller med avlesningskort. 

Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrert via SMS og oppfordrar difor alle til å svare via SMS. Når du les av målarstanden, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma. Etter innmeldt målarstand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake. Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesningskort i posten.
Frist for avlesing via SMS er 13. november 2017.

Avlesningskort (papir) blir på vanleg måte sendt til deg som ikkje er oppført med mobilnummer eller eventuelt ikkje svarar på SMS.


Når du mottek avlesningskort kan du returnere svarslippen pr. post eller registrere avlesinga di på nett www.leseav.no . Registrerer du på www.leseav.no MÅ du angje ei 6 teikns registreringskode som du ser på kortet.
Frist for avlesning nett og innsending av papirslipp er 3. desember 2017.

Får du ikkje lest av målarstanden innan fristane har gått ut ( t.d. på hytta di) så les du av vassmålaren når du har anledning og leverer avlesninga på svarslipp til kommunen. Då blir evt. feilmargin regulert på neste termin.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Per Ragnar Støve. Sist endra 14.11.2017 10:48
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering