Nord-Fron kommune

Velkomè til vår nye heimeside!

Velkomè til vår nye heimeside!

Klikk for stort bileteHaust i Nord-Fron Frøningen Foto  Nord-Fron kommune si heimeside kjem i ny og forbetra utgåve frå 15. oktober 2019.

Det er 5 år sidan sist, og vi har lenge sett eit behov for å få gjort forbetringar på sida vår.

Nytt design og innhaldsstruktur

Vi har endra designet og gjort innhaldsstrukturen meir brukarvennleg der tenestene blir meir synleg og «meir i fokus» enn tidlegare og søkfunksjonen er vesentleg betra.
Tenesteinformasjonen er forsøkt gjort meir lettforståeleg og enkel, noko vi håpar brukarane set pris på.

Brukarmedverknad

Undervegs i arbeidet har vi trekt inn innbyggjarar og fått testa meny- og søkfunksjonen på heimesida; dette var nyttig og positivt.

Kommune-Kari

Chatroboten Kommune-Kari vil framleis vere tilgjengeleg på heimesida og ei oppgradering av informasjon vil gjere ho betre istand til å svare på spørsmål. Kommune-Kari svarar på spørsmål om kommunen sine tenester og tilbod heile døgnet.  Ho vil vere operativ nokre dagar etter lansering av ny heimeside.

Vidare utvikling

Arbeidet med m.a. å digitalisere fleire søknadsskjema held fram og blir knytt opp til pågåande omorganisering i administrasjon og tenester.