Vassforsyning - Nord-Fron kommune

Vassforsyning

Nord-Fron kommune har anlegg for vassforsyning i Vinstra, Kvam, Brattliflata og Skåbu.

Vinstra vassverk


Vassverket for Vinstra ligg i Lomoen, og fordeler vatn via høgdebasseng i Sorperoa, Byrevegen, Byrlykkja og Tokse til Vinstra sentrum og bustad- og næringsområda omkring.

Kvam vassverk

Vassverket på Kvam ligg ved Kvam bru og fordeler vatn via høgdebassenget i Røssumlykkja til bustad- og næringsområda i Kvam.

Brattliflata vassverk

For Brattliflata i Ruste er det vassforsyning frå kraftverkstunnelen via behandlingsanlegg og ut til bustadane i nærområdet på Brattliflata.

Skåbu vassverk

I Skåbu blir det pumpa vatn frå grunnvasskjelda ved Kamfossen via behandlingsanlegg ved Moen og vidare til høgdebasseng ovanfor Austlifeltet. Dette anlegget fordeler vatn til sentrumsområdet og til hyttene i Holslåa.

Vassprøver

LabNett har eit tilbod for analyse av vassprøver til private og bedrifter. Dette er ein enkel måte å få analysert vasskvaliteten på.

Prøver kan bestillast via nettportalen vannportal ; der kan det bestillast emballasje og ønska analysepakke.

Kontaktpersonar:

Vatn
StillingNamnTelefonE-post
Ingeniør Trond Riiser61 21 61 28 trond.riiser@nord-fron.kommune.no
Leiar uteseksjonenØystein Lien61 29 03 42/95 24 02 54 oystein.lien@nord-fron.kommune.no

Publisert av Trond Riiser. Ansvarleg Bjørn Bjørke. Sist endra 24.02.2014

Bjørn Bjørke

Virksomhetsleiar
 
61 21 61 67
 
971 94 880
 
Send epost
Teneste (1)

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anne Grete Bakkene |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike