Kultur og fritid - Nord-Fron kommune

Kultur og fritid

Nord-Fron kommune sine tilbod innan kultursektoren:

Biblioteket

Nord-Fron bibliotek ligg i 1 etasje i kommunehuset. Biblioteket har eit vidt spekter av fag- og skjønnlitteratur og ei stor samling oppslagsverk, dagsaviser og tidsskrift. Biblioteket låner elles ut filmar, språkkurs og lydbøker. Det er internett-tilgang for publikum. Biblioteket har også leseapparat for mikrofilm, samt lokalhistorisk materiale som kyrkjebøker og folketeljingar på mikrofilm. Ytterlegare informasjon får du på biblioteket si heimeside.

Fron kulturskole

Fron kulturskole er ein viktig del av Nord-Fron og Sør-Fron si satsing på musikk og kulturliv. Skulen har ca. 190 elevar fordelt på disiplinane klassisk ballett, teater, visuell kunst, barnekor, piano, ungdomskor, fele (folkemusikk/klassisk), tverrfløyte, trompet, sang, trombone, gitar, bass, trommer og band.

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen organiserer utkjøring av varm mat frå Sundheim 5 dagar pr. veke, det blir teke med kald mat til dei som treng det.Etter oppdrag frå Sundheim/Sundtunet og heimesjukepleiar organiserer frivilligsentralen om følgje til sjukehus, lege, tannlege osv.Frivilligsentralen organiserer også transport frå Sundheim til butikkar for handling kvar fredag, heimebuande blir også henta.

Kvamstunet

Kvamstunet er eit dagsenter for eldre som bur heime. Senteret held til i Kvernvegen på Kvam, og er ope kvar måndag, onsdag og fredag frå kl 09.00 - 15.00. 

Ungdomsarbeid

Nord-Fron kommune har to ungdomsklubbar; ein i Skåbu og og ein på Vinstra. Klubbane har ope på utvalde kveldar i veka, og har ulike aktivitetar for ungdom mellom 12 og 19 år, som airhockey, biljard, matsal, spelrom, quiz, kurs og forskjellige utfluktar.

Det er tilsett ungdomskonsulent i 100 % stilling, klubbmedarbeidar på Vinstra ungdomsklubb i 20 % stilling, og klubbmedarbeidar ved Skåbu ungdomsklubb i 6 % stilling.

Sidan 2003 har Nord-Fron kommune hatt sitt eige ungdomsråd, som kan ta opp saker som gjeld ungdom. Nord-Fron ungdomsråd møtast ein gong i månaden, og elevar ved ungdomsskulane og Vinstra vidaregåande skule utgjer representantane i rådet. Dei har mellom anna starta opp sin eigen festival, Kåja Camp.

Det er eit godt samarbeid mellom ungdomsarbeiderane i midt-Gudbrandsdalen, blant anna gjennom arrangering av Ungdommens Kulturmønstring (UKM) kvar vinter. Regionalt ungdomsarbeid er drifta og koordinert gjennom Ung i Midtdalen

Vinstra kino

Vinstra kino held til i Folkets Hus på Vinstra. I 2012 vart kinoen rehabilitert med ny foaje og kinosal med nye seter, 3D-teknologi og kinooptimalisert lyd. Det er til vanleg filmframsyning 1 - 2 kveldar i veka. Informasjon om kinoprogram og billettbestilling finn du på heimesida til Vinstra kino.

Vinstra kino er drive med hjelp frå frivillige lag og organisasjonar som tek billettsal, vakthald o.a. som dugnadsarbeid.

Fysisk aktivitet/idrett

Kommunen har eige nettside for fysisk aktivitet m.a. med linkar til idrettslaga.

Kulturbygg/anlegg

Vinstrahallen er open kvar kveld og kvar helg for trening, kampar o.l. Hallen er elles godt rusta til å ta imot ulike kultur-, messe- og handelsarrangement i tillegg til idrettsbruken.

Kåja idrettspark er eit moderne fleirbruksanlegg med kunstgrasbane med undervarme for fotball, friidrettsanlegg, sandvolleyballbane, joggeløype og asfaltert aktivitetsflate for ballspel.

Kvam trivselsbad er ope for offentleg bading og for utleige til lag, organisasjonar, bedrifter og private. Kvam bygdahus er tilrettelagt for kroppsøvingsbruk og har ein veslesal som egner seg m.a. til møterom.

Fron badeland; " Fronsbadet" er eit regionalt badeanlegg som  kommunane Nord-Fron og Sør-Fron eig. Fron Badeland finn du på Harpefoss i Sør-Fron kommune. I anlegget finn du 25 meters svømmebasseng, 12,5 meters terapibasseng og stupebasseng. I tillegg er her klatrevegg,barnebasseng med 48 meters vannsklie, barnesklie, motstrømsanlegg og "grotte", steambad, sauna, boblebasseng og solplass med dusj.

Folkets Hus/Vinstra Kino er lokale for Fron kulturskule, ungdomsklubb, kinoframsyningar, revy- og teaterframsyningar.

Konsertsalen ved Vinstra vidaregåande skole blir brukt til konsertar, revy- og teaterframsyningar, foredrag, m.m.

Kontaktpersonar - kultur
Kontaktpersonar - kultur
FunksjonNamnTelefonE-post
BibliotekRandi Nordlien Berg61216122 randi.n.berg@nord-fron.kommune.no
Fron kulturskoleJorun Moshagen61216218/95881441 jorun.moshagen@nord-fron.kommune.no
Gammelbanken/FrivilligsentralLiv Toril Granslåen61290800 liv.toril.granslåen@nord-fron.kommune.no
KvamstunetAud Byrløkken61292100 aud.byrlokken@nord-fron.kommune.no
UngdomsarbeidErik Tøftestuen61216276/91597393 erik.toftestuen@nord-fron.kommune.no
Vinstra kinoPer Albin Jørgensen61216144/91662044 per.albin.jorgensen@nord-fron.kommune.no
Vinstrahallen/Folkets Hus/ Kåja idrettsparkOve Åsen61291590/95940720 ove.aasen@nord-fron.kommune.no
Kvam trivselsbad og bygdahusLars Kvaalen61294480/93043532 lars.kvaalen@nord-fron.kommune.no

Publisert av Jo Engum. Ansvarleg Ingebjørg Teigmoen Bergum. Sist endra 31.01.2014

Ingebjørg Teigmoen Bergum

Virksomhetsleiar
 
61 21 61 00
 
901 10 350
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anne Grete Bakkene |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike