Du er her:

Serviceerklæring/tildelingskriterier for heimehjelp/praktisk bistand

Beskriving


 



Tildelingskriteriene er vedtatt av kommunestyre i NFK 14.12.15



Ansvarlig: Kommunalsjef



 



Formål med tenesta



Heimetenesta ved avdeling Heimehjelp skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mulig. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime. Målet med tenesta er å legge tiltrette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov.

 



Kven får tenesta



Du kan søke heimehjelp/ praktisk bistand dersom alder, funksjonshemming, sjukdom, stort omsorgsansvar eller akuttsituasjonar gjer at du har behov for hjelp i heimen.



Heimehjelp/ praktisk bistand vert tildelt etter ei individuell vurdering der ein tar omsyn til:




  • Søkaren sin situasjon.


  • Kva søkaren kan klare sjølv.


  • Husstandsmedlemmer / Tilgang på anna hjelp.


  • Når brukaren bur saman med andre blir det gjort ei heilhetleg vurdering av husstanden sin situasjon.



 



Kva omfattar tenesta



Praktisk bistand – opplæring/daglege gjeremål



Tenesta omfattar hjelp til eigenomsorg, personleg stell og personretta praktisk bistand. Den skal bidra til at brukar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet. Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert. 



Tenesta omfattar:




  •  Påminning og motivering i personleg levesett, dagleg kosthald m.m.


  • Påminning og motivering til planlegging av daglege aktiviteter


  • Påminning, motivering og rettleiing i daglig reinhald og stell av bustad


  • Påminning om ulike sosiale aktivitetar.


  • Påminning og hjelp for oppfølging av tiltak frå hverdagsrehabiliteringsteamet.





Tenesta omfattar hjelp til eigenomsorg, personleg stell og personretta praktisk bistand på dagtid/kvardagar. Informasjon om tenestene:



 



Reingjering; golvvask, vinduspuss (inntil 2 gonger i året), støvsuging og støvtørking av reine flater. Det vil ikkje bli utført støvtørking av mange pynteting ol. Reinhald skal normalt ikkje overstige 1 gong / 14. dag og gjeld rom som er i dagleg bruk.



Vask av tekstilar/klede; vask skal gjerast i maskin. Merking av klede som skal vaskast på Sundheim kan det bli gitt hjelp til om ikkje brukar / pårørande kan gjera dette.



 Klargjøre måltider; smøre frukost/kvelds, sette fram mat, varme middag. Bistand til oppvask.



Personlig hygiene; hårvask og bad/dusj.



Ved-bæring; frå uthus og inn i huset i mindre mengder, om ikkje andre kan utføre dette.



Innkjøp/henting av varer medisinar mm.;

I hovedsak skal heimehjelpen hjelpe til med bestilling av matvarer mm.(forutsatt at butikken pakker varene). Heimehjelpene skal unntaksvis (hvis det ikkje finnes andre ordningar) kjøre til butikken for handling og henting av medisinar mm. Normalt skal slik handel bli gjort på næraste butikk. Heimehjelp kan ikkje ta med rullestol i eigen bil.



 



Forventningar til tildelingsansvarlege/ heimehjelp



Heimehjelp skal:




  • Bære legitimasjon-/ID-kort


  • Være hos brukar til avtalt tid, eventuelt varsle dersom det blir endringar på meir enn ein time.


  • Levere kvittering til brukar for innkjøpte varer rett etter handel. 


  • Ikkje mota gåver frå brukaren; dette gjeld ikkje for gåver av ubetydeleg verdi slik som blomster, konfekteske o.l.


  • Fjølge gjeldande reglement for arbeidsantrekk.



 



Heimehjelp har:




  • Rapporteringsplikt til overordna ved endringar hos brukar; eks. endringar i helsetilstand og funksjonsevne.


  • Teieplikt i alle tilhøve rundt brukaren.


  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande



 



Forventningar til brukar/pårørande







Brukar skal:




  • Vere til stades i heimen den tida heimehjelp er der.


  • Gi beskjed til heimehjelp dersom ho/han er bortreist eller varsle til resepsjonen på Sundheim, tlf. 612 16 400.


  • Sørgje for at det er framkommeleg til bustaden, eks. at veg er brøytt / strødd.


  • Så langt det er mulig sørge for at andre (enn hjemmehjelpen) kjører og henter matvarer/medisiner med mer.


  • Det forutsettes at følgjande er på plass:

    -    Vaskebøtte, langkost og klutar/evt. mopp med utstyr.

    -    Bøttestativ.

    -    Støvsugar med regulerbart skaft.

    -    Nødvendige vaskemidlar.

    -    Vaskemaskin dersom heimehjelpa skal gjere klesvask. I omsorgsbustader med fellesareal kan felles vaskemaskin bli brukt.


  • Ordne med reint tøy, reine håndklær og hygieniske artiklar der heimehjelp skal hjelpe til med personleg hygiene.


  • Leggje til rette arbeidsmiljøet t.d. ved å unngå:

    -    Overmøblering  og mange små tepper / filleryer. Dette er òg eit tiltak for å førebygge fall.

    -    Tunge tepper; dei vil berre bli støvsuga.

    -    Røykfylt luft i romma; lufte godt ut før heimehjelpa kjem og ikkje røyke når ho/han er til stades.

    -    Det er ønskeleg at brukar sørgjer for regelmessig husvask, da dette letter dagleg reinhold.

    -    Husdyr må ikkje være tilstade der tenesta blir utført eller væra til hinder i arbeidet.


  • Leggje til rette for eit godt og trivelig arbeidsmiljø


  • Gjere seg kjent med innhaldet i vedtaket.





    Familien/pårørande oppfordres så langt det er mulig bistå med utføring av private gjøremål som t.d. innkjøp/henting av matvarer, medisinar, klede og praktiske gjøremål som banktenester m.m.



 



Oppgåver som ikkje inngår i praktisk bistand





Heimehjelp utfører ikkje arbeid som:




  • Husvask.


  • Ta ut / sette inn dobbeltvindauge.


  • Klatring i stige for å pusse vindauge eller anna.


  • Opprydding, sengereiing, sengeskift o.l. til /etter gjester eller leigetakar.


  • Uttak av pengar, betaling av rekningar gjer heimehjelp vanlegvis ikkje. Bruker ikkje brukars bankkort.


  • Innkjøp og servering av alkohol.


  • Det blir ikkje gitt hjelp der brukar eller andre i huset viser truande / krenkande åtferd / språkbruk.


  • Det blir ikkje gitt hjelp der behovet berre er sosial kontakt.



 





Reduksjon/bortfall av tenesta:




  • Tenesta fell bort på helligdagar.


  • Tenesta fell bort når brukaren er bortreist.


  • Tenesta kan bli redusert i ferien; dette blir da avtalt med brukaren og gjort etter individuell vurdering.


  • Tenesta fell bort dersom brukaren har besøk som kan hjelpe til med oppgåvene heimehjelpar vanlegvis gjør.


  • Reingjering blir normalt ikkje gjort når bruker har besøk.


  • Dersom den faste heimehjelpa har ferie/ fråvær kan vikar komme på anna dag/ anna tidspunkt enn den faste hjelpa



Praktiske opplysningar







Kostnader :

Eigenbetaling/pris for heimehjelp/ praktisk bistand  jfr. vedlagte prisliste.

Betalingssatsen blir justert dersom hjelpa er av så lite omfang at satsen blir urimeleg. Rekning blir sendt etterskottsvis med forfall den 20. i kvar månad.



Eigenbetaling, iht. Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden (ektefelle/sambuar, heimebuande barn) før særfrådrag. Inntektsgrensa vert justert etter grunnbeløpet i folketrygda. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år. Beløpet kjem fram også i vedtak om tenester. I vedtaket vert det skildra innhald og tidsbruk for tildelt hjelp og bistand.



Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00.



 



Lovgrunnlag, saksgang og klagerett



 



Lovgrunnlag:



Hjemmehjelp/praktisk bistand, her under heimehjelp/praktisk bistand og opplæring, er heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.





Saksgang:




  • Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.


  • All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.


  • Skriftleg vedtak med målsetting og skildring av tenesta vert sendt til brukar.


  • Betaling for tenesta vil koma fram i vedtaket.


  • Kontakt med andre tenesteområder vert vurdert ved behov.

     



Klagerett:



Brukar kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3-tre-veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal sendes til den som har utarbeidet vedtaket (adr. Sundheim Bo og Treningssenter). Klagen fører til ny saksbehandling. Dersom klager får avslag blir saken sendt til Fylkesmannen i Oppland for endeleg avgjerd.



 


Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike