Du er her:
Publisert 12.06.2015

måndag og onsdag:                12.00-18.00
tysdag, torsdag, fredag:         09.00-15.00
laurdag:                                  stengt


 

 

Publisert 08.01.2015

 Møt forfattaren Edvard Hoem på Nord-Fron bibliotek
 ONSDAG DEN 28.JANUAR KL.18.30.

 Han vil fortelje om den nyaste boka si, Slåttekar i himmelen.

 Boksal v/Vinstra Libris

 Lett servering

 Gratis inngang
 

Publisert 17.10.2014

Da er Barnas Bokveke over for i år. Omlag 250 ungar har vore med på ulike arrangement denne veka. Det har vore dokketeater, teaterforestilling med Prøysen som tema, bokprat v/Mette og Prøysenkonsert med elevar frå Musikklina på Vinstra vidaregåande skule. Teskjekjerringa har vore innom med blåbærpannekaker og Alf Prøysen har vore feira med kake.

Vi takkar alle små, alle store og aktørar for ei innhaldsrik og morosam veke!
 
2.klassingane si,  og biblioteket si eiga Prøysenutstilling vil vere å sjå ut veke 43, t.o.m.laurdag 25.oktober.
Kom innom og ta ein kikk!

Publisert 02.07.2014
Grunnlova på nynorsk 005.jpg

Noregs mållag stoppa på Vinstra på si lanseringsferd med den nye, nynorske utgåva av Noregs Grunnlov.

Publisert 03.06.2014
E-bok

Nå kan du låne e-bøker på Nord-Fron bibliotek!

For å låne e-bøker må du:

- laste ned appen eBokBib frå App-store eller Google Play. Den fungerar med iOS og Android

Sjå også http://ebokbib.no

- vere registrert som lånar ved eit bibliotek i Oppland og ha lånenummer og pinkode tilgjengeleg

Publisert 18.02.2014

10.april:  Forfattarbesøk: Reidar Kjelsen. For alle 2.klassingar i kommunen.

 

Tidlegare arrangement i 2014:

28.mars: Songstund med Marie Klåpbakken. 2 konsertar for førskolebarn. I samarbeid med Fron mållag.

13.mars: Temakveld i samarbeid med Hageselskapet Fron

13.mars: "Boklek". Arrangement i samarbeid med Litteraturfestivalen og Oppland fylkesbibliotek. For alle 5-   åringar.

7.mars: "Bli med meg heim". Eit møte mellom to lyrikarar: Anna Kleiva og Irene Larsen

20 februarkl.18.00:   Teater Grimsborken syner Geitekillingen som kunne telle til ti.

3.februar: Vi avsluttar svensk månad med å trekkje 3 vinnarar av Sverige-quiz.

15.januar: Svensk aften med krimforfattar Carin Gerhardsen i samtale med Madeleine Cederström. Musikkinnslag ved Grethe Hvattum og Bård Hasz.

Heile januar: Svensk månad med utstillingar og quiz.

Publisert 24.03.2010

Midtdalsbiblioteka har fått felles blogg.

Publisert 19.02.2010
Bøker

Nord-Fron bibliotek ønskjer å rekruttere leseombud.

Publisert 31.08.2009

Nå kan du få beskjed på SMS når bøkene du har reservert kjem inn. Sei i frå til oss dersom du ønskjer dette.

Publisert 03.06.2009

Bokhylla er ei ny teneste frå Nasjonalbiblioteket.

Publisert 28.04.2006

Biblioteket/Servicetorget kan tilby trådlaus tilgang til internett.

Publisert 27.04.2006

Leseapparatet er tilgjengeleg i biblioteket sine opningstider. Det er gratis å bruke leseapparatet, men det kan vere lurt å avtale tid på førehand. Leseapparatet har kopieringsmoglegheiter.

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering