Ta turen innom og du vil finne eit stort og variert utval av bøker - nye og eldre, faglitteratur og skjønnlitteratur, for alle aldersgrupper. Du finn også eit utval aviser, vi låner ut tidsskrift, har lesesalsplassar, leseapparat for mikrofilm, PC-ar og trådlaust nett. Eller kom berre innom for å slappe av, eller kanskje møte nokon for ei samtale. Kjøp gjerne kaffe eller anna varm drikke frå kaffemaskina vår. Du treng ikkje ha noko spesielt ærend for å kome til oss - eller forklare kvifor du kjem! Men treng du hjelp til å finne det du er ute etter - vi hjelper deg!
Biblioteket har også utstillingsplass for lokale kunstnarar, både profesjonelle og amatørar.
Ved inngangsdøra til biblioteket/servicetorget er det eiga luke for innlevering av bøker o.a. utanom opningstid