'

Utlånsreglement

Nord-Fron bibliotek deltek i det regionale lånesamarbeidet i Oppland,
og følgjer felles lånereglement.

Utlånsregler for alle folkebiblioteka i Oppland:

  • Du kan låne fritt ved alle folkebibliotek og levere attende der det passar deg i Oppland.
  • Det er gratis å låne på biblioteket. Ha alltid med lånekortet.
  • Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. Meld adresseendring og tap av kort.
  • Tapt kort må erstattast med kroner 20.-.
  • Normal utlånstid er 4 veker. Enkelte medium kan ha kortare/lengre utlånstid.
  • Lånetida kan som regel forlengast. Dette kan du gjere via internett, eller ved å ta kontakt med biblioteket.
  • Du kan be om å få lån frå andre bibliotek dersom det biblioteket du besøkjer ikkje har det materialet du er på jakt etter.
  • For sein innlevering kan føre til gebyr. Tapt eller skada materiale må erstattast.
  • Du kan få eitt lånekort som du kan bruke ved alle folkebibliotek i Oppland.
  • For å få lånekort, må du vise godkjent legitimasjon og skrive under på at du har godteke reglementet.
  • Er du under 15 år, må du ha underskrift av føresett for å få lånekort.
  • Misbruk av biblioteket sine tenester kan medføre tap av lånerett.
  • Bibliotektilsette har teieplikt.

 

Nord-Fron bibliotek har i tillegg slike lokale retningsliner:
Lånekort:

- Barn får eige lånekort frå 2.klasse.
- Barn under 15 år kan berre få lokalt lånekort.
Lånetid:
Bøker, lydbøker, språkkurs: 4 veker
Filmar:                                  1 veke
Aldersgrensa for lån av filmar følgjer aldersgrensa på filmane.
Kvar familie kan låne inntil 5 filmar om gongen.
Purregebyr: (gjeld for vaksne)
1.purring: kr.20.-
2.purring: kr.30.-
3.purring: kr.50.-

Erstatning ved manglande innlevering og øydelagt materiale:

Bøker og lydbøker:     kr.400.-                                                              
Filmar:                      kr.200.-                                                             
Tidsskrift:                  kr. 50.-                                                            

 

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Nedregate 50, 2640 Vinstra | bibliotek@nord-fron.kommune.no | Tlf 61216220 I  Følg oss på Facebook