Du er her:

Gamle råk og vegar i Kvikne

Kvkne og Tverrbygda kart over gamle råk og vegar med nokre kulturminne og litt historie er utgjeve av Kvikne Råknemnd i januar 2000

Kartet er nok ikkje fullstendig korkje når det gjeld råk og vegar eller kulturminne. Vi håper likevel at det vi har tatt med skal komme til nytte for turgåarar og andre. Vi veit at det finst fleire kolmiler, jarn- blæstrar, dyregraver og anna i dette området. Det som er teke med er gjort for å vise døme på korleis det ser ut. Kvikne råknemnd minner om at det ikkje er lov å gjere inngrep i eller fjerne noko frå automatisk freda kulturminne.

1. SYLTSÆTERSTULEN. Her var det for lengje sidan heimsæter til Nordre Sylte, antakelig på 1700-talet.

2. TORVHUSET. Fleire gardbrukarar ga seg i hop og sette opp huset omkring 1910-1913. Her tok dei ut torv i myra, tørka ho og lagra ho i huset som stod her. Torva vart brukt til fyring bl.a. av Kvikne Ysteri då det kom i gong i 1914-1915. Huset vart sidan seld og sett opp att som låve på Steinsætra.

3. JERNBLÆSTER OG KOLMILER ved Stormyra. Her lagde dei kol i kolmilene som så vart brukt til å utvinne jern av myrmalm i jernblæstrene.

4. SKOMAKARBUA. Ein skomakar som budde i Kvikne stal skvettlæret av karjolen til ein doktor Ree og måtte rømme unna lensmannen. Han mura opp denne bua, og budde der ein sommar, ca. 1905.

5. JERNBLÆSTER

6. GUTTORMSTEINEN. Ein minnestein over Guttorm Andersen Sylte som fraus i hel i ein snøstorm 28. sept. 1778. Han og kona Marit kom over fjellet med ei fedrift då dei vart overraska av uver. Marit kom seg ned til Aasmundstad og fekk varsla om ulukka, men Guttorm var daud då hjelpa kom fram.

7. TELLEFSTEINEN. Sist på 1700-talet fann ein gjetargut frå Masseng ein fehandlar som var drept og rana ved denne steinen. Mannen heitte Tellef og var frå Heidal.

8. GAMALT SKIFERBROT. Dette er eit skiferbrot som vart starta opp ein gong på 1800-talet av Tosten Pedersen Hallaugplassen.

9. JERNBLÆSTER.

10. KOLMILE.

11. DYREGRAVER. Fangstanlegg for elg.

12. GJÆTAROMN. Denne omnen ser ut som ein liten varde, men er mura slik at han er open inni. Omnen vart brukt av gutar som gjette geiter. Det er også rester av fleire slike på Sillikampene.

13. BERGHOLE. Dette er ei nokså stor berghole ved Kvernåa.

14. BRAKKERUINAR. Ruiner etter Vinstrautbygginga.

15. STEINSTÅKÅRÅKET. Ein Andreas Olsen Harbo Berg som budde på Bakken hadde ein halvbror på Moen i Kvam. Dei gjekk mykje om kvarandre, og varda då opp dette råket over fjellet mellom Bakken og Moasætra .

16. TÅRUDVEGEN. Vegen innover frå Bakken heitte Tårudvegen, ein sideveg av den heitte Sygardvegen. Dette var sæterveg for Tårud og Sygard Sylte. Tårud brukte vegen fram til 1920-åra. Ein kvit stein ved vegen er kvilarstein, og vart kalla Tårudsteinen.

17. FANGSTANLEGG. I området Sæterkampene – Saukampen – Svarthø og Gråhø er det mange gamle fangstanlegg med bågåstelle, reinsgraver og ledegjerder.

18. KRAKKSTETTEN. På 16 – 1700-talet sto det her ei falkfangarhytte. På avstand såg hytta ut som ein krakk, og fjellet vart da kalla Krakkstetten. Falkefangarane budde i ei steinbu på Asene som seinare vart kalla Råkstugu.

19. MÅSÅBUIN. Rester etter 3 kvilebuer. I 1802 vart ein kar frå Kvikne dømt for giftmord, og straffa sona han i slaveriet på Akershus. Etter at han kom heim att vart han utstøytt frå bygda, og budde då i ei av desse buene til han døydde. Han vart også gravlagt her. Han vart også dømt til å gå i slavedrakt på livstid, så når han ein sjeldan gang var nede i bygda for å gå i kyrkja, så gjekk han i denne drakta.

20. SANDÅSLETTA med Spellmannshaugen er også kalla Gravhaugen. Der feira sæterfolket jonsok før i tida. Det var folk både frå Heidal, Kvikne og Skåbu som kom dit til dans.

21. OMMUNDSÅA. Hallaugsætra var før sæter til Espe i Kvikne. Ein gutunge som heitte Ommund (Amund) Espe skulle gå heim att frå sætra, men kom ikkje fram. Han vart attfunne drukna i denne åa, og namnet på åa vart da Ommundsåa.

22. GAMALT KVERNHUS. Der råket går over Ångstadåa (Kvernbekken) er det restar etter kvernhus. På austsida er det to stigar ein må gå for å komme opp eller ned bergveggen, og råket der vart kalla Stegaråket.

23. GAMMELVEGEN. Dette var vegen til Kviknehøgda før vegen opp frå Silli vart bygt.

24. HINGSTRÅKET. Dette råket vart brukt når unghingstane skulle flyttast frå vårhamn på Loveslsætra til fjellbeite i Svarttjønnholet. Det kunne vere over 100 i talet, dei gjekk over fjellet og ned i Tverrbygda til ei kvilingslykkje ved søre Grauphaugen og vidare derfrå neste dag mot Skåbu og fjellbeitet.

Fant du det du lette etter?