Du er her:

Gamle råk og vegar i Sødorp

Teksten i denne artikkelen om gamle råk og vegar i Sødorp er skrive av Øystein Hagen. Kart og tekst er tilrettelagt og utgjeve av Nord-Fron kommune v/Terje Abrahamsen i oktober 2005 i samarbeid med Sødorp grunneigarlag

Kartet er ikkje fullstendig. Dei viste råka er dei som skal vedlikehaldas, dvs. dei er skilta og rydda. Det finst mange andre råk og ferdselsvegar som ikkje er tatt med her.

Råka er nummererte med romartal frå I til XV med start i søraust. Bokstavar som står på kartet er kulturminne i tilknyting eller i nærleiken av råka.

 

I  Kjørrasletta - Berget - Hågå

Den nedre, flate delen av denne ruta er del av den gamle Kongevegen som var den siste hovudvegen gjennom dalen før nåverande trase kom. Det er tydelege murar og gjennomløp for vatn. Vegen fortsette over dyrka mark til Nymoen, og ligg  som nåverande Gammelgata i Nedre Sødorp. Vidare over Røysabakken, Milsteinstugulykkja, Pina og Toksevollen forbi der  Sødorp Skule og Vinstra Ungdomsskule ligg nå og  inn i dagens Øvregate.

Den brattare delen er truleg gardsveg eller grendeveg til søre delar av Sødorp frå den gamle Kongevegen. Rosstroa (a) var vatningsstad for hestar.

 

II  Kleivseterråket.  Hågåstugu - Kleivsetra.

Frå grendeveg ved Solbjørg og Nørdre Hågåstugu gjekk kløvvegen og gangvegen til Kleivsetra (b) som var seter til Øyakleiva. Setra ligg einsleg til i eit dalsøkk og det kunne nok vere ein stad der underjordiske vart høyrt og kanskje sett. Råket fortsett austover til samband med råket Skar -Skarsetra.

 

III  Ressvegen

Seterveg til Resset. Skilta rute går av nedover som traktorveg, seinare som smalt råk, stadvis utydeleg, til kryss med  Kleivseterråket ved Stordalsberga.

  

  

 

IV  Temorkvegen.  Rundbakken- Midtstulen/Brennsetrin

Kjerreveg til Midtstulen og setrene omkring. Utbetra til traktorveg;  mest ute av bruk nå etter at det kom bilveg på nordsida av Sula. Brukt som vinterveg og skiløypetrase fram til 1980-talet da vinterparkeringa var ved Fjellstad.  Brøyting av setervegen lenger innover har flytta parkeringa inn på fjellet.

 

V  Skoesetra på Nysetra - Kollbergholet.

Fram til Torvmyra var det kjerreveg til torvuttak. Lenger aust berre eit krøttertrakk. I dag opparbeid som hytteveg frå Skoesetra og noen hundre meter. Råket passerer utløpet av  Storsvartskar og Veslsvartskar.  Oppå høgda ligg dei avrunda toppane Storrundkoll og Veslrundkoll.

Det er samband med stignett på Sør-Fron sida.

 

VI Toksevegen. Sulvollan - Nysetra

Lite kjent, men framleis tydeleg råk. Namnet fortel at dette var seterveg for folk og krøtter frå heimsetrene til Toksegardane i Løvingen til sommarsetrene på fremre Fiskdalen. Setervegen fortsette innover forbi Kleggåsen og i vestsida  av Veslfjell til Avstjønndokka.

 

VII Byrhågåråket.  300m aust for Lauvbrua - Sulsetra.

 

Byrhågån setra før Sulsetra, like aust for fjellstua. Byrhågåråket var snaraste vegen  til setra for folk og fe som kom opp gjennom Løvingen og over Svartberget. Brukt som seterråk til 1940-åra. Utydeleg på strekningar nå.

 

VIII  Lauvråket. Lauvbrua - Lauvåsen

Seterråk som følgjer bekken Lauva frå der den kryssar setervegen. Brukt både som sommar- og vinterveg, mest det siste pga den blaute Lauvmyra. Så lenge hesten var vanleg i bruk vart seterhøyet køyrt fram til bygda på vinters tid. Slik var denne vegen i bruk så lenge det var forkøyring med hest og slede, kanskje sist av Jon Byrløkken frå Nørdre Byrlykkjesetra fram til midt på 1970-talet.

IX Gullhusråket. Innafor Svartberget - Lauvåsen

Seterråk, truleg mest brukt som ein snarveg for dei som gjekk lett utan krøtter. Smalt råk gjennom skogområdet med det litt ironiske namnet Gullhus, kanskje pga skrinn skog. Gjennom Gullhusklema under Gullhusknappen. Forbi små tjørn og myrer, vått sume stader. Råket endar i dag i hyttefeltet ved Steindalshøgda,  men fortsette og kan finnast att til setervegen ved Søre Byrlykkjesetra.

 

Det går ein arm av Gullhusråket frå Gullhusklema mot Bruli. Råket støyter mot dyrka marka på Bruli og er skilta  rett ned til kjørevegen  vest for jordet. Truleg eit råk for dei som kom opp Sødorpbygda , kryssa Sula ved Bruli og skulle til Lauvåsen.

 

X Bosliråket. Dalstjønna - Lauvåsen

Tydeleg, breitt råk frå Dalstjønna til Lauvåsen. Opp til Dalstjønna kom folk og fe forbi Einlia og opp Kløvdalen  og vidare innover til Lauvåsen og Skårålia. Mykje brukt turstig i dag.

Ein avgreining av Bosliråket går ned til  Gravdalsvegen nord for Bosen. Det var seterveg for to bruk nordmed Strand (vestsida av Laugen) som har setre på Lauvåsen. Brukt som vinterveg med hest og slede til  fram på 1970-talet.

 

XI Løvingsvegen. Gurilykkja - Løvingen - Svartberget

Seterveg for Toksegardane og mange av bruka i Tokse- og  Byrgrendene. Godt opparbeidd kjerreveg som går under Kleivlykkja, nedafor Piggen og til  heimsetrene i Løvingen og vidare opp Svartberget. Øvste, bratte bakken under berget heiter Stegan. Her stod det kanskje ein stige (stega) eller det var så bratt at det var å likne med ein stige.  egen er bygd opp med imponerande murverk (c) i den stupbratte lia under berget.

 

  

  

XII Tvellhaugråket. Øvre Brenna - Dalstjønna

Råket heiter så fordi det går forbi ein haug med det namnet. Råket er smalt og bratt og var nok mest brukt til å gå på for folk. Brukt til og frå ved- og tømmerskog og til å sjå etter krøtter. Sume stader er råket tydeleg forbetra med små murar. Folk i  Tokse- og Byrgrendene brukte utmarka intensivt og hadde råk og gangstigar  i mange retningar.

300 m aust for råket ligg Gåstjønna (d).         Den vesle tjørna har ingen bekk inn i seg, men har likevel alltid jamn vasstand. Utløpet er demt og var vasstak til Byre med vassveit som enda er synleg i starten. Ved Gåstjønnberget låg Kaltrudsetra. Enda synleg mur etter selet med stor gran inni;  kanskje 200 år etter at setra var i bruk.

 

XIII  Einlia - Dalstjønna

Seterveg til bl.a. Steinhaugsetra ved Dalstjønna og vidare til Lauvåsen. Stort og tydeleg råk. Kjerreveg, nå skilta som Pilegrimsvegen, nordvestover til Støslia. Støslia er eit forlengst fråflytta, einsleg bruk.

Dalstjønna er demt med steindemning (e) og var vasstak til Øvre Byre. Byrbekken renn ut av tjørna.

 

XIV Øygardsstugu (Bøygen) - Einlia

I starten i  skog forbi Øygarden opp til kryssing av gardsveg til Steinhaugen, så inn på  bratt kjerreveg til Kaltrud og Einlia. Fram til bilvegen frå Gråsletta til Einlia vart bygd omkring 1970 var dette tilkomsten til bruket. Nedafor bilvegen til Einlia ligg i eit dalsøkk restar av murar av ryddinga Torjesjordet (f).

 

XV Vinstra sentrum - Toksegrenda

Det var fleire beinvegar mellom stasjonsbyen og bruka i Toksegrenda. Ein beinveg som enda er i bruk går opp frå Folkets Hus, sør for Byrhågån, gjennom geilen på Byrstugulykkjun og sør for Søre Byrlykkja til Pinstugu, Brennbruka og  Gurilykkja.  Emil Iversen (1891-1973) i Gurilykkja var telefonmontør  og gjekk her dagleg til og frå arbeid. Olaf Beitmyren i Pinstugun er ein flittig brukar av beinvegen i dag.

Fant du det du lette etter?