Du er her:

LESEOMBUD

Nord-Fron bibliotek ønskjer å rekruttere leseombud.

Illustrasjonsbilde 4 bøker
Bøker

Eit leseombud les for nokon som slit med å lese sjølv. Det kan t.d. vere menneske som er eldre, har demens, har ei funksjonsehemming eller som kan lite norsk.

Det er i samband med at biblioteket har vorte "Bok til alle" bibliotek at vi etterlyser nokon som har tid og lyst til å vere leseombud. Alliansen "Leser søker bok", som er knytt til Litteraturhuset i Oslo, står bak etableringa av dette tiltaket.

Nokre leseombud er alt på plass, men vi treng fleire!

Ta kontakt med Nord-Fron bibliotek dersom du vil ha meir informasjon og om du har lyst til å melde deg som leseombud! Kontaktperson: Randi Nordlien Berg, tlf. 61 21 62 22.

 

 

.

 
Publisert av Randi Nordlien Berg. Sist endra 19.02.2010
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering