Du er her:

Budsjett/økonomiplan 2019 - 2022

 

 

Kommunestyret vedtok i møte 11.12.2018, sak 109/18.

 

 

 

 

 

 

Budsjettert netto driftsresultat for perioden legg til grunn at det skal skje ei relativ stor omstilling i Nord-Fron Kommune i løpet av neste 4-års periode. Omstillinga skal resultere i nedtak av stillingar fleire stader i organisasjonen.

Det er starta eit organisatorisk arbeid som utover 2019 vil gje fleire svar på kva for endringar i organisasjonen som må til få for å tilfredsstille budsjettkravet. I dette arbeidet skal ein balansere kravet til forsvarlege tenester med omsynet til rasjonell leiarstruktur og økonomisk innsparing. Samtidig som organisasjonen skal gjennom endringar, har kommunen høge ambisjonar. Det er fleire større investeringstiltak som skal gjennomførast i perioden. Ombygging av kontor til NAV, VA-Furusjøen og Campus Vinstra er døme på det.

Kombinert med endring av organisasjonen skal vi fortsette å arbeide med nyskaping. Det er søkt om skjønnsmidlar i 2019 til vidare arbeid med digitalisering og entreprenørskap. Likevel - ved at organisasjonen skal ned på ressursar til administrasjon og leiing vil det ha konsekvensar for utviklingsarbeid. Færre leiarar skal ha ansvar for dagleg drift, inkludert økonomi og personalleiing, som blir avgjerande for god tenestelevering framover.

Fokus på næringsutvikling må halde fram. Kommunen treng vekst i folketalet dersom ikkje inntektsgrunnlaget skal svekkast framover. Da treng vi eit variert næringsliv som evner å satse på utvikling, både innanfor eksisterande bedrifter og gjennom nyetableringar.

Vi vil fortsette å ha fokus på tiltak som bidreg til ny sysselsetting i kommunen. I den samanheng blir fortsatt arbeid med utvikling av hyttepolitikken også viktig. Her er utbygging av infrastruktur for fiber/breiband ein sentral innsatsfaktor, i tillegg til tilrettelegging av nye tomter.

For 2019 står vi difor ovanfor eit krevjande arbeidsår. Siktemålet er at på tross av omstilling/reduserte driftsrammer, så skal vi kunne levere tilfredsstillande tenester også framover for eigne innbyggjarar, hytteinnbyggjarar og andre som bruker kommunale tenester.

Her finn du

Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike