Du er her:

Følg med snøsmeltinga

Teknisk drift - Klikk for stort bilete Områder på Sør- og Austlandet har mykje snø, noko som medfører flaumfare når snøen smeltar. NVE oppfordrar både kommunane, og private, til å gjennomføre tiltak for å redusere fara.  

Nord-Fron kommune har iverksett ein del «føre-var» tiltak:
 

  • Veggrøfter på kritiske områder er gravd opp, og det er fjerna snø og is i stikkrenner og kummar.
  • Jamnleg ettersyn og tining av stikkrenner og kummar blir gjort utover våren.
  • Det er gjort ei registrering av kritiske punkt  der vi vanlegvis må iverksette nødvendige tiltak og følgjer desse ekstra nøye.
  • Auka vakthald på kommunalteknisk vakt.
  • Gjennomgang av beredskapsplanen og auka fokus på beredskapsarbeidet.

Det er mange vegar og naturleg nok vanskeleg å halde dagleg oppsyn med alle.

Vi ber derfor deg som privatperson om å vere med å hjelpe til og ta ansvar ved t.d. å halde rister og stikkrenner i nærområdet opne, evt varsle kommunen på vakttlf.: 917 92 345.

Det er også svært viktig at dei som har private vegar / skogsbilvegar ser etter at grøfter og stikkrenner er opne slik at vatnet ikkje tek nye løp.

Vi oppfordrer alle til å følgje med i sitt nærområde, og varsle kommunen så tidleg som mogeleg dersom de oppdager kritiske punkt der det trengs tiltak. Vakttlf.: 917 92 345.

Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike