Du er her:

Gjerdereglar i Nord-Fron kommune

Skigard - Klikk for stort bilete Maks arealgrense for inngjerda areal blir sett til 300 m2 pr. tomt, ekskl. bebygd areal. Det er berre lov å føre opp samanhengande gjerde, og alle grinder skal slå utover for å hindre at beitedyr går seg fast. 

Gjerdet skal førast opp på ein slik måte og vera slikt vedlikehalde at det ikkje er farleg for folk eller husdyr. Gjerdet skal samstundes vera minimum 1,10 meter høgt, og så sterkt og tett at det held husdyr ute. Det er ikkje lov med elektrisk gjerde.

Gjerdet skal ikkje stenge sti eller råk for allmenn bruk.

Før gjerde kan førast opp i samsvar med kommunens gjerdereglar, skal det sendast skriftleg varsel til kommunen om oppføringa.  Kommunen varslar aktuelle beitelag i området når varsel er motteke, med kopi til hytteeigar/tiltakshavar. I særlege høve der særlege forhold, eller omsynet til beite, miljø eller almenn ferdsel seier det, kan kommunen fråvike dei generelle retningslinene i kommuneplaner.

Det er ikkje lov å setja opp portar, flaggstong eller liknande. 

Meir informasjon om gjerdereglar finn du ved å gå inn på

Kommunestyresak 101/13; Endring av gjerderegler - endeleg behandling

og oversikt over reguleringsplanar som er omfatta av endring av gjerdereglar.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Ivan Wattum. Sist endra 30.08.2017 09:35
Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering