Du er her:

God respons og ein halv million sjåarar!

Yrande folkeliv ved Sommertoget - Klikk for stort bileteYrande folkeliv ved Sommertoget Anne Grete Bakkene

Svært mange – truleg ca. 6 – 7.000 - hadde tatt turen til både Kvam og Vinstra då NRK sitt Sommartog kom til Nord-Fron 11. juli! 

På eit døgn var det sending åtte timar i NRK frå kommunen og Gudbrandsdalen. Sommeråpent frå Vinstra stasjon vart sett av 485.000 personar syner tal frå NRK. 

Dette ga oss ein unik sjanse til å syne fram alt det positive vi ha å by på. Her fekk vi mykje positiv merksemd, både i NRK og ikkje minst gjennom sosiale medier. Eg er overvelda og over at så mange deltok med aktivitetar og som publikum. Dette vart ein stor folkefest som eg trur bidreg til stoltheit og optimisme. Tusen takk til alle som var med, seier ordførar Rune Støstad.

TV-sjåarar fekk  sjå flotte bilde. Triveleg innslag med flinke kvamværar på Kvam stasjon før stor jubel og varm velkomst på Vinstra stasjon. På Vinstra var det mange aktivitetar heile dagen; koking av raudost, rappellering, musikk frå utescene, salsboder og servering av mat.

NRK Sommeråpent si direktesending på kvelden inneheldt m.a.  rally, Peer Gynt,  dølakua Tirilin, og verdens største raudost !

12. juli sendte NRK Reiseradioen direkte frå Vinstra og her var det gratis frokost for alle frammøtte. Det har kome mange positive tilbakemeldingar på arrangementet og TV-sendinga både av lokalbefolkninga og tilreisande, men også frå andre kantar av landet som denne meldinga; Fineste av alle Sommertog-sendingane til no

På formiddagen rulla toget vidare sørover dalen og vi vinka farvel til Sommartoget som skapte liv og røre – og mykje moro – eit døgs tid ein vanleg tysdag i juli.

Anne Korsvold Saglien og kua Tirilin Avreise og gåve frå Nord-Fron kommune.jpg Barhaug sanitetsforening med gratis frokost.jpg Bokskjørt. Leiter etter barnebøker.jpg Fantorangen var populær.jpg Helikopter følgde med sommartoget.jpg Kjell og Arild blir intervjua av NRK Koking av raudost.jpg Sjølvaste Max Mekker tok imot på Kvam stasjon! Mange møtte opp då Sommertoget kom.jpg Populært med Nord-Fron kommune på kinnet.jpg Rappellering på kommunehuset.jpg Stort oppmøte på Kvam stasjon Sommertoget reiser vidare.jpg
Publisert av Anne Grete Bakkene. Sist endra 14.07.2017 11:09
Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering