Du er her:

Møte med ordføraren

Ordføraren saman med Astrid og Sofie copy.jpg (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bilete Sofie og Astrid fekk møte ordføraren etter å ha sendt brev med innspel om ulike tilbod dei kan tenkje seg å ha på Vinstra.

Astrid og Sofie med ordførarklubba (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bilete Astrid Sjåstad og Sofie Nygård Fagervold møtte tysdag denne veka ordførar Rune Støstad. I brevet skreiv jentene at dei kunne tenkt seg både leikebutikk, park, turnforening og oppgradert badebasseng i Kåja.

Ordføraren såg svært positivt på at jentene hadde sendt brev til han, men gjorde samtidig klart at fleire tiltak vil koste mykje pengar og at det difor vil vere vanskeleg å få ordna. 

I skuleklassen til Astrid og Sofie var det vidare drøfta og sett opp forslag til korleis kommunikasjon mellom politikarar og barn og unge kan bli betre. Her var forslag om åpen dag på kommunehuset, ordførarbesøk i alle klasser i småskulen og at kvar klasse skreiv eit årleg brev med innspel til politikarane.

Ordføraren lovar å følgje opp då det er viktige innspel frå dei som utgjer Vinstra si framtid. 

Publisert av Anne Grete Bakkene. Sist endra 09.11.2017 14:08
Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering