Du er her:

Nord-Fron landets beste beitekommune

F.v. leiar av LUM; Geir Grosberg, ordførar Rune Støstad, skogbrukssjef Geir Johan Groven, leiar av Nord-Fron Bonde- og småbrukarlag Ole Petter Berget og landbrukssjef Eldri Siem. (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bilete 10. november var det lokal prisoverrekking av diplom og feiring av prisen Årets beitekommune.

Marsipankake.jpg (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bilete Ordførar Rune Støstad hadde invitert landbruksnæringa i Nord-Fron til å feire at Nord-Fron nyleg vart tildelt prisen Årets beitekommune frå Norges Bonde-og småbrukarlag.

Ein del frammøtte under feiringa.jpg (Nord-Fron kommune) - Klikk for stort bilete Støstad viste til godt samarbeid og samhald innafor næringa, der dyktige folk tek leiarverv og er pådrivarar for utvikling innafor næringa. 

Kriterier for prisen ”Årets beitekommune”:

• Er i tett dialog med beitenæringa før, under og etter beitesesongen.

• Tek tak i den psykiske belastninga rovviltangrep utgjer for beitebrukarane

• Tek på seg ansvaret for søknader om skadefellingsløyve

• Klager på eventuelle avslag

• Bidreg til mest mogleg rettferdig erstatningsoppgjer

• Kursar og organiserer kommunens skadefellingslag på ein god måte

• Bidreg til kurs for kadaverhundekvipasjer

• Etablerar varslingsteneste ved rovvilt/angrep i beiteområda

Styret i NBS har vore jury. Bakgrunnen for prisen har vore den store ulikskapen i måten kommunar stiller opp for beitenæringa, ikkje minst mot rovviltplaga.

Prisen skal lyfte fram kommunar som utmerkar seg i positiv retning, og på den måten vise fram eit eksempel for andre kommuner til korleis ein kan støtte opp om ei hardt pressa beitenæring.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Sist endra 13.11.2017 09:10
Fann du det du leita etter?
Nyhende

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering