Du er her:

Ruste barnehage - organisering

Ruste barnehage har 81 plassar ( 0-6 år ). Barnehagen flytta i 2008 inn i nyrestaurerte lokale der Ruste skule tidlegare var.

Avdelingar

Ruste barnehage har 4 1/2 baser/avdelingar. Det er:

  • Feforkampen - 21 plassar 
  • Brakjeberget - 18 plassar 
  • Liaåksla - 18 plassar        
  • Hånåhoppet  - 24 plassar    

Utanom basene har barnehagen fellesareal som blir brukt etter oppsatt liste. Fellesareal er verkstad/formingsrom og vassrom i kjellaren ( for snekring, forming i leire, måling og anna), bibliotek i 2. etg. og gymnastikksalen i Ruste bygdahus kvar veke.

Barnehagen har 6,8 årsverk pedagogiske leiarar som er fordelt på dei 4 basene. Styrar i 100% stilling, og sekretær i 50% stilling.
Ein spesialpedagog er tilsett i 50% fordelt på dei kommunale barnehagane som arbeider i forhold til barn med nedsett funksjonsevne.

Virksomhetsområdet tel tilsaman omlag 15, 5 årsverk.Styrar er Kari Bragelien

Åpningstid:
 

Kl. 07.00 - 16.30 kvar dag.
 

 

Pedagogisk innhald

Årsplanen er eit viktig arbeidsredskap for barnehagens personale slik at barnehagen kan styrast i ein bevisst og uttalt retning. Planen er utgangspunktet for foreldra si moglegheit til å påverke innhaldet i barnehagen.

Barnehagen jobbar kontinuerleg med:

  • å gje eit fleksibelt og brukerretta barnehagetilbod
     
  • å drive målretta kompetanseutvikling i personalgruppa for å kvalitetssikre barnehagetilbodet
     
  • at barnehagen skal framstå som ein godt tilrettelagt leike- og læringsarena
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike