Du er her:

Skåbu oppvekst - organisering

Skåbu oppvekst er eit virksomheitsområde som omfattar barnehage, barne- og ungdomsskole med felles virksomhetsleiar

Virksomheitsområdet ( dvs. både Skåbu skule og barnehagen) tel tilsaman omlag 15,9 årsverk.

Barne- og ungdomsskolen

Skolen har gode lokale for elevar og lærarar, med mellom anna svømmehall, gymsal og datarom.
I tillegg har vi gode uteområde for aking, ski, fotball og andre leiker.

Skåbu skole er kombinert barne-og ungdomsskole og har tilsaman 50 elevar. 

 

Barnehagen

Skåbu barnehage held til i underetasjen på helsehuset med Skåbu skule som næraste nabo.

Barnehagen har ei avdeling med tilsaman 16 plassar ( 0-6 år ). Antall årsverk er 3,5 .

Åpningstider:

Kl. 07.00 - 16.30 kvar dag.

Kjernetida er kl.09.45 - 13.00 og det er ønskjeleg at barna er i barnehagen denne tida.

 

Verdiar:

Skåbu barnehage sine verdiar er følgjande:

  • Tryggleik og trivsel
  • Respekt og toleranse
  • Faglegheit og læring
  • Positivitet og humor

Hovudmålsettingane våre er:

For barna: vi vil at barnehagen skal vere ein trygg stad, der barn får høve til å lære og utvikle seg gjennom leik, oppleving og samspel.

For foreldra: vi vil at foreldra skal føle tryggleik, og at vi kan ha eit godt samarbeid i samband med barnas opphald.

For personalet: Vi vil at personalet skal ha arbeidsglede, samt høve til fagleg og personleg utvikling

For barnehagen som verksemd: Vi vil at barnehagen skal vere i stadig utvikling, både pedagogisk og organisatorisk.

Pedagogisk innhald for barnehagen

Årsplanen er eit viktig arbeidsredskap for barnehagens personale slik at barnehagen kan styrast i ein bevisst og uttalt retning. Planen er utgangspunktet for foreldra si moglegheit til å påverke innhaldet i barnehagen.

 

 Sjå kontaktinfo. til leiar og pedagogisk leiar nedanfor.

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike