Du er her:

Kom til Nord-Fron

 

Festivaltid på Vinstra - Klikk for stort bilete

Nord-Fron med kommunesenteret Vinstra ligg midt i Gudbrandsdalen, halvvegs mellom Oslo, Trondheim og Ålesund, omlag 1 times kjøretid frå Lillehammer. Kommunen strekkjer seg frå Rondane i aust til Jotunheimen i vest.
 


 

 

Kart
Vinstra sentrum
Vinstra er kommunesenteret i Nord-Fron

 

 

 

Avstandar

Vinstra - Oslo ca. 270 km
Vinstra - Lillehammer ca. 80 km
Vinstra - Trondheim ca. 270 km
Vinstra - Ålesund ca. 270 km
 

E6 og Dovrebanen passerer gjennom kommunen som gir god kommunikasjon mot Oslo Lufthavn Gardermoen.


Folketal

5827
 

Ledige jobbar

Nord-Fron kommune har inngått samarbeidsavtale med Lokaljobb.no om markedsføring av ledige stillingar. Avtala legg til rette for at alle bedrifter i Nord-Fron kommune kan annonsere sine ledige stillingar gjennom denne nettsida. På denne måten kan vi i fellesskap synleggjere ledige stillingar både for kommunen sine innbyggjarar og for potensielle innflyttarar til kommunen. Her ser du ledige stillinger i Gudbrandsdalen akkurat nå.

 

Tomter og hus i Nord-Fron

Nord-Fron kommune har fleire ledige bustadtomter og det er elles hus til salgs i kommunen.

 

Næringsliv

Næringslivet i Nord-Fron består hovedsakleg av reiseliv, handel, entrepenørar og landbruk.
Fefor, Kvamsfjellet og Skåbu er kjende reiselivsmål. Vinstra er landskjent som arrangørstad for festivalar gjennom Peer Gynt, Country m.m. Det finnst også større nasjonale idrettsarrangement som Furusjøen Rundt Trippel.
 

Peer Gynt-stemnet

Peer Gynt-stemnet er ein 10 dagar lang kulturfestival med teater, konsertar, kunstutstillingar, litteraturforedrag og arrangement for barn i byrjinga av august. Peer Gynt-prisen blir delt ut kvart år under stemnet. Prisen går til ein person eller institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Det er Stortinget som avgjer kven som skal få prisen.


Idrettsanlegg og sportsarrangement

Nord-Fron byr på mange aktivitetstilbod som Fron Badeland og Kåja idrettspark - i tillegg til ski-, sti- og sykkelløyper. Badeanlegget er dalens største og idrettsparken har kunstgras og moderne løpebaner. Fjellet byr på mange og lange skiløyper for alle kategoriar.

Av sportsarrangement av meir nasjonal karakter, kan m.a.  Furusjøen Rundt på Kvamsfjellet nemnast.

Hesteslepp i Sikkilsdalen

Nord-Fron er også kjent for lange tradisjonar med hesteavl og utvikling av dølahesten og Nord-Fron kommune sitt kommunevåpen symboliserer dette. I Sikkilsdalen finn vi Statens Hesteavlsseter, der det årlege hestesleppet ved St.Hans-tider er ein attraksjon som mange ønskjer å få med seg kvart år.
 

Feriemål

Området gir tilbod i form av hotell, utleigehytter og andre overnattingstilbod. Kommunen har fleire store hytteområde på båe sider av dalføret; Fefor, Skåbu, Kvamsfjellet og Sødorpfjellet.

Nord-Fron er innfallsporten til store fjellområde med fire nasjonalparkar i kort avstand og eit fint utgangspunkt for ulike turar - både med bil, sykkel eller til fots. Peer Gynt seterveg er ein rundtur som tar til på Vinstra og svingar seg innover høgfjellet, før ein kjem ned att i Kvam. Fine setergrender og praktfull natur. Vegen passerer også Per Gynt Gaarden der den lokalhistoriske Per kjem frå.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Egil Tofte. Sist endra 21.01.2016
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering