Du er her:

Målbruk i Nord-Fron kommune

Nord-Fron kommune har lange tradisjonar som nynorskkommune.
Sak om målform / styringsmål har vore til behandling i kommunestyret fleire gonger, siste gongen 21.oktober 2004.
Målbruksplan for Nord-Fron kommune (PDF, 3 MB) vart vedtatt i 1997. Denne er no revidert i samsvar med kommunestyrevedtaket hausten 2004.

Nydelig vinterbilde - Klikk for stort bilete

Kommunestyret gjorde i sak 047/04 i møte 21.10.2004 vedtak om at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i Nord-Fron kommune, og i hovudsak bli brukt på kommunen sine heimesider, i kunngjeringar og i overordna plandokument. Vidare skal nynorsk i hovudsak nyttast i skriv til fylkeskommunalt og statleg forvaltningsnivå.
Den enkelte tilsette kan likevel nytte bokmål i sitt daglege arbeid dersom vedkomande meiner at ho / han meistrar dette betre, og det gir eit betre språkleg resultat. Slikt arbeid kan t.d. vere referat, notat, rapportar og saksframlegg, samt skriv til innbyggjarar og andre, der det ikkje er krav om ei bestemt målform.

Målbruksplanen finn du ved å klikke på link på høgre kant.

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike