Du er her:

Klagenemnda

Klagenemnda er klageinstans i Nord-Fron kommune med heimel i Forvaltningslova § 28.

Klagenemnda har avgjerdsrett i klager på kommunale vedtak, med unntak av vedtak som det iht. reglar i særlovene er bestemt annan klageinstans for. Vedkomande statleg organ er klageinstans i saker der avgjerdsrett er delegert frå eit statleg forvaltningsorgan.

Før ei klagesak blir behandla i klagenemnda , skal saka vurderast på nytt av det organet som har gjort det første vedtaket, jfr. Fvl. § 33.

Klagenemnda skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg før vedtak blir fatta. Nemnda kan be underinstansen om å gjera nærare undersøkingar m.m.
Nemnda skal prøve alle sidene av det vedtaket som er påklaga, både rettslege sider, saksbehandlinga og skjønn, og kan ta omsyn både til nye omstende og forhold som ikkje er berørt av klagaren.  Klagenemnda har plikt til å vurdere dei forholda som er tatt opp i klaga.

Vedtak i klagenemnda kan ikkje påklagast.

Klagenemnd
Medlemer Pers. varamedlemer
Kristin Gunnarstuen, AP - leiar Reidar Stangenes, AP
Tor Kolloen, AP - nestleiar Arne Fagervold, AP
Ann Helen Stenseng, SP Ola Einar Krok, SP
Petter J.V. Spjotum, H Karl Thomas Normann Tvete, H
Odd Lillereiten, FrP Eva Øiumshaugen, FrP
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike