Du er her:

Forliksrådet

Alle kommunar skal ha eit forliksråd. Det består av 3 valde legdommarar som blir valgt av kommunestyre for 4 år om gongen.

Saker som Forliksrådet behandlar

Sakene dreier seg i hovedsak om gjeld i ulike samanhengar, særleg knytt opp mot kjøp av varer og tenester. Forliksrådet si oppgåve er å finne ei minneleg løysning mellom partane, eller få fastslått ved dom om kravet er rettsgyldig. Dette for at kravet eventuelt kan tvangsfullbyrdast hos namsmannen.

Forliksrådet behandlar sivile saker, ikkje straffesaker. Videre avseier dei ikkje dom i saker dei finn for omfattande eller vanskelege. I slike tilfelle innstiller forliksrådet saka dvs. at saka opnast for behandling i tingretten.



Framgangsmåte for å få behandla sak i Forliksrådet

 
Klaga blir framsett vanlegvis i den kommunen der klagemotparten bur. Det er ein fordel at klaga kjem skriftleg. Nærare informasjon og eigne skjema for denne type klage kan du få ved å kontakte sekretær for forliksrådet. Midt-Gudbransdal lensmannskontor er sekretær for Forliksrådet, tlf. 61 05 32 10.

Adresse: Innlandet politidistrikt, Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor, Nedregt.1, 2640 Vinstra - merkast med Nord-Fron Forliksråd.

Medlemmer i Forliksrådet for perioden 01.01.2017 - 31.12.2020:

Nord-Fron Forliksråd
Medlemer:Varamedlemer ( i rekkefølgje):
Anne Kristin Nærby - leiarJan Tore Kamp
Ove Andre ØybrekkenAnn Sofie Møller
Oddgeir RavnebergKarianne Birkelund
Lensmannen er sekretær
Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Ingrid Stormyrbakken. Sist endra 05.05.2017
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering