Du er her:

Ordførar Rune Støstad

ordførar.JPG - Klikk for stort bilete Rune Støstad (Ap) er ordførar i Nord-Fron kommune. Støstad vart valgt inn i kommunestyret i 2011 og overtok som ordførar etter valet i 2015.

Kommunestyret i Nord-Fron har 25 representantar. I tillegg til Arbeidarpartiet (13 repr.) er både Senterpartiet (9 repr.), Høgre (2 repr.) og Framstegspartiet (1 repr.) representert i kommunestyret.

Rune Støstad tok journalistutdanning i Volda og han har eit masterprogram inna kommunikasjon og leiing frå BI i Oslo. Han har mange års leiarerfaring frå mellom anna NRK, Eidsiva Energi, Nord-Fron kommune og Lillehammer og Gudbrandsdal Kunnskapspark.

Rune er gift, har to barn og bur i Ruste.

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalgte. Han er den øvste ansvarlege for kommunestyret og kommunen sin fremste offentlege representant. I Nord-Fron er ordføraren den einaste heiltidspolitikaren.

Ordføraren leier alle møtene i kommunestyret og formannskapet.

 

Kontakt ordføraren:

Telefon: 61216103/91864767

rs@nord-fron.kommune.no

facebook.com/runestostad

Publisert av Tove Haugli. Ansvarleg Tove Haugli. Sist endra 04.11.2015
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering