Du er her:

Barnehage

Gutt på akebrett - Klikk for stort bilete

 

I Nord-Fron har vi for tida 7 barnehagar. Det er 4 kommunale barnehager - Ruste, ToksebakkenKvam og Skåbu.

2 private barnehager - Sentrum barnehage og Vestsida kulturbarnehage og 1 familiebarnehage -  Sødorp.

Barn syng på scene - Klikk for stort bilete

Barnehageåret

Nytt barnehageår starter 15. august.

Opningstid

Opningstida er frå kl. 07.00 til 16.30.
For barn som allereie har plass er det mogleg å kjøpe ekstradag etter kapasitet i barnehagen.

Moderasjonsordningar

 

Søskenmoderasjon

Visste du at søskenmoderasjon gjeld også når søsken går i ulike barnehagar ( uavhengig av om dette er ein kombinasjon av private og kommunale barnehagar)? Det er 30% reduksjon i pris for barn nr. 2 og 50% for barn nr.3 og vidare. Det er ein føresetnad for søskenmoderasjon at det er same fakturamottakar som er registrert på barna.

Søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage og gratis kjernetid

Moglegheitar for å søkje om redusert pris for barnehageplass (PDF, 52 kB)

Søknadsskjema; Søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage og gratis kjernetid. (PDF, 148 kB)

Les meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/moderasjonsordninger-foreldrebetaling/

 

Lokalt vedtak om rett til plass

Kommunestyret har i samband med budsjettbehandlinga ( sak 154/15) gjort slikt vedtak:

Alle barn i Nord-Fron skal frå 1. januar 2016 ha rett på barnehageplass uavhengig av når på året dei er født.

Barnehageopptaket 2017/18

Alle barnehagane i Nord-Fron har samordna opptak. Søknader som kjem i løpet av året blir behandla fortløpande. Bruk våre elektroniske skjema.  Vi tek ikkje imot søknader på papir, men kan bistå med utfylling av elektronisk søknad.

Ved hovedopptaket er det klagerett etter Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage §§ 6 – 10.

For dei som ønskjer seinare oppstart enn 15. august:

  • Søknader som blir sendt inn til hovudopptaket, blir tildelt frå 15. august. Foreldre som ønskjer ein seinare oppstart kan søkje om permisjon for seinare oppstartdato, men dette vil ikkje gje betalingsfritak i permisjonstida jfr. vedtektene for kommunale barnehagar pkt. 12.
  • Alternativt kan søknad bli sendt inn utanom hovudopptaket.

Dokumentasjon for prioritet ved opptak:

Barn med nedsett funksjonsevne eller barn med vedtak etter Lov om barneverntjenester har rett på prioritet ved opptak. Vidare blir sosiale eller medisinske årsaker hos barnet/familien etter kriteria for opptak til barnehagen i Nord-Fron vektlagt.

Dersom søknaden er begrunna ut frå ein av desse kriteria, må dokumentasjon gjennom uttale frå relevant faginstans ettersendast pr post innan 3 virkedagar etter innsendt søknad. Relevant faginstans kan til dømes være lege, helsestasjon, barnevern eller flyktningkontoret.

NB! Ingen vedlegg kan lastast opp via det elektroniske søknadsskjema. Vedlegg må ettersendast pr post til Postmottak, Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra eller leverast på Servicetorget merka med «Vedlegg til barnehageopptak»  .

 

Hvilket søknadsskjema skal brukast når?

  • Dersom barnet allereide har plass i ein kommunal eller privat barnehage i Nord-Fron, men du ønskjer å søkje til en annan barnehage, då skal du huke for
    • Overflytting innan kommunen
    • For søknader som gjeld f.o.m. barnehageåret 2018/19 er søknadsfristen 1. februar 2018
  • Dersom du ønskjer å auke/redusere antal dagar for barnet, skal du huke for
    • Endring av opphaldstid
    • For søknader som gjeld f.o.m. barnehageåret 2018/19 er søknadsfristen 1. februar 2018
  • Dersom barnet ikkje har nokon plass i barnehage i Nord-Fron (korkje kommunal eller privat), skal du huke for
    • Søknad gjeld ny søknad
    • For søknader som gjeld f.o.m. barnehageåret 2018/19 er søknadsfristen 1. mars 2018
  • Dersom du skal seie opp hele barnehageplassen (trengs ikkje ved overgang til barneskolen), skal du huke for
    • Oppsigelse av plass

Du treng ikkje søkje på nytt til neste barnehageår, dersom du ønskjer å behalde barnehageplassen slik den er i dag. Barn som får tildelt plass i kommunal barnehage, får behalde plassen fram t.o.m. 14. august det året dei startar på skolen.

 

Overgang til barneskolen

Barnehageåret 2016/17 sluttar 14. august 2017.

Dersom du ønskjer å avslutte opphaldet før denne tid, skal dette skje skriftleg (elektronisk skjema) innan 1. april 2017. Då vil du ikkje lengre ha plass i barnehagen f.o.m. 1. mai 2017. Alle opphald som blir avslutta seinare enn 1. mai, blir sett på som utvida ferie og blir fakturert t.o.m. 14. august 2017. 

Klagerett

jfr. pkt. 10 i vedtektene til dei kommunale barnehagane.

  • Det er klagerett etter § 6 i forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage.
  • Det er ulik klagerett på vedtak gjort ved hovudopptaket og vedtak utanom hovudopptaket (supplerande opptak).
  • Ved hovudopptaket kan søkjer klage dersom ikkje første eller andre ønskje om barnehage (lokasjon) er oppfylt.
  • Ved supplerande opptak er det berre dei med lovfesta rett til prioritet etter barnehageloven § 13 som kan klage dersom dei ikkje blir tilbydd plass i aktuell barnehage (lokasjon).


 

 

Kommunale barnehagar - administrativ leiing
Kommunale barnehagar - administrativ leiing
NamnFunksjonTelefonE-post
Randi NordlienVirksomhetsleder fellesområde Kvam bhg Åa, Ruste bhg og Toksebakken bhg97093843randi.nordlien@nord-fron.kommune.no
Ola SlettenVirksomhetsleder Skåbu oppvekst61216480ola.sletten@nord-fron.kommune.no
Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Knut Håvard Meldal. Sist endra 06.10.2017
Fann du det du leita etter?

Knut Håvard Meldal

Kommunalsjef
 
61 21 62 08
 
993 67 786
 
Send epost
Aktuelle lenkar (1)

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering