Du er her:

Grunnskolane i Nord-Fron

Nord-Fron kommune har i alt 5 grunnskolar. Det er 3 barneskolar, 1 oppvekstsenter ( kombinert barnehage og skole)  og 1 ungdomsskole.

Grunnskolane i Nord-Fron

Barhaug skole - barneskole - fulldelt
Kvam skole - barneskole - fulldelt
Sødorp skole  - barneskole - fulldelt
Vinstra ungdomsskole - ungdomsskole
Skåbu oppvekst - barnehage og kombinert barne-og ungdomsskole.
 

Linkar til skolane sine heimesider finn du også på høgre kant.

Skolestad/skolekrins

Ta kontakt med Servicetorget, tlf. 61 21 61 00 om du lurer på kva skolekrins barnet ditt soknar til.

Informasjon om skolestart

Skolane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, førskoledagar og skolestart i 1. klasse.

Leksehjelp

Alle elevar i grunnskolen har rett til leksehjelp og kommunen har ei tilsvarende plikt. Det totale antallet timar som skal fordelast på 1.-10. trinn, er åtte timer per veke.

Skoleeigar står fritt til å organisere leksehjelpa slik dei meiner det er mest hensiktsmessig anten tilbodet vert organisert i regi av skolefritidsordninga eller på skolen. I Nord-Fron kommune er ansvaret for organisering av leksehjelp delegert til rektor på den enkelte skole.

Leksehjelp i grunnskolen: På Kvam, Sødorp og Barhaug skole er det tilbod om leksehjelp for 3. – 7. klasse (2 t/v for 3. - 7). På Skåbu skole er det tilbod om leksehjelp for 3. – 10. trinn, med 1 t/v per trinn.

 

SFO

Kommunen tilbyr skolefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse.

Pedagogisk-Psykologisk Rådgjevingsteneste for Midt-Gudbrandsdal (MGPP)

PPR Midt-Gudbrandsdal dekker kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.

Informasjon om skolane

Mykje sentral og lokal informasjon ligg elles på skolane sine nettsider - sjå linkar til skolane ovanfor.

Utleige av skolane

I tillegg til dei anlegga som ligg under kulturavdelinga, har skolane i Sødorp, Skåbu og Barhaug gymsalar som på kveldstid blir brukt til idrettsaktivitetar i regi av lag og organisasjonar. Skåbu skole har også svømmeanlegg som er ope for offentleg bading på kveldstid / i helger.

Lag og organisasjonar som ønskjer å leige rom ved skoleanlegga fast for ei periode (vanlegvis skoleår), må melde frå til skolane innan 20. juni kvart år.

Skole Telefon Faks E-post
Barhaug skole 61216530 61216531 barhaug.skole@nord-fron.kommune.no
Kvam barneskole 61216450 61216451 kvam.skole@nord-fron.kommune.no
Sødorp skole 61216500 sodorp.skole@nord-fron.kommune.no
Skåbu oppvekst 61216482 61216481 skaabu.skole@nord-fron.kommune.no
Vinstra ungdomsskole 61216550 vinstra.ungdomsskole@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?
Rektor
 
61 21 65 52
 
993 67 786
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike