Du er her:

Skolefritidsordning (SFO)

SFO er eit frivillig tilsyns- og omsorgstilbod for alle elevar på 1. - 4. trinn ved alle barneskolane i Nord-Fron kommune. Det er rektor på kvar skole som har ansvar for SFO-ordninga. SFO har fast grunnbemanning og eit opphaldsareal som legg til rette for leik og varierte aktivitetar.

 

Søknad om plass i SFO

Opptak skjer ved kvar skole/SFO, etter elektronisk søknad i Visma Flyt Skole. Føresette skal logge på med ID-porten.

Søknadsfrist for skoleåret 2019/20 er 01.04.2019.

 

Kva er ID-porten og korleis skaffe seg dette?

Her finn du meir informasjon om ID-porten.

 

Korleis søkje om SFO-plass?

 
 

Ved behov for bistand, ta kontakt med skolen din eller Servicetorget på kommunehuset ( 1. etg.)

Prisar

 

Betalingssatsar for SFO 2019
Betalingssatsar for SFO 2019
Antal dagar Morgon + ettermiddag Kostpengar
5 dagar kr 1727 kr 182
4 dagar kr. 1382 kr. 146
3 dagar kr. 1036 kr. 109
2 dagar kr. 691 kr. 73
1 dag kr. 345 kr. 36
Tilfeldig kjøp opph kr. 234 kr. 26
Sommar SFO pr dag kr. 234 kr. 26
Sommar SFO pr veke kr. 936 kr. 104

 

Opningstid

SFO har fast opningstid på skoledagar frå kl 07.00 - 16.30.

Kva for opphald er tilgjengeleg?

 

Det er mogleg å søkje om:

1 dag pr veke pr månad

2 dagar pr veke pr månad

3 dagar pr veke pr månad

4 dagar pr veke pr månad

5 dagar pr veke pr månad

 

Sommar-SFO

I skolen sin sommarferie vil det vere tilbod om SFO fire veker der det er minimum 5 påmeldte ( 2 veker etter skoleslutt og 2 veker før skolestart). Sommaren 2019 vil tilbodet vere i vekene 26,27,32 og 33 og bli lagt til Barhaug skole. Opphald på sommar-sfo skjer mot tillegg i foreldrebetalinga. 

Elevar som går i 4. klasse skoleåret 2018/19, kan søkje sommar-sfo alle fire vekene.
Komande 1. klassingar for skoleåret 2019/20, kan ikkje søkje om sommar-sfo 2019. Desse har barnehageplass fram t.o.m 14. august.

Her finn du  påmeldingsskjema for sommar-SFO 2019

Søknadsfristen er 01.05.2019.

Søskenmoderasjon

Det er 50% på opphaldet for barn nr.2 og fleire for både "ordinær" SFO og sommar-SFO. Det er ikkje søskenmoderasjon på kost eller tilfeldig kjøp av opphald.
 

 

 

 

Fann du det du leita etter?

Knut Håvard Meldal

Kommunalsjef
 
61216208
 
993 67 786
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike