Du er her:

Prøving av ekteskapsvilkår

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt.

Det betyr at de må logge dykk inn på skatteetaten.no og gje ein del opplysningar. Behandlingstida kan vere inntil tre veker dersom det er naudsynt med manuell oppfølging, så vær ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månader, fordi opplysningane de gjev må vere ferske.

Begge komande ektefeller må fylle ut kvar sin eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. Nokre må fylle ut litt meir: Har du til dømes vore gift før, vil det i nokre tilfelle vere naudsynt å leggje ved ein erklæring om skifte. Ønskjer du å endre namn, må du fylle ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Skatteetaten sine nettsider.

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logge dykk inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som bekreftar at de kan gifte dykk. Prøvingsattesten kan de velje om de vil sende vidare frå Altinn i ein e-post til vigslar, eller skrive ut og ta med ein kopi av. Gratulerer! Nå er de klare for å inngå ekteskap!

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike