Du er her:

Deling av eiendom

Deling av eigedom er søknadspliktig. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.  Saksbehandlingstid for delingssaker er inntil 12 veker frå søknaden er komplett.

 

Slik søkjer du om deling/oppretting av ny eiegdom:

Det er kun registrert eigar som kan søkje, med mindre denne gir skriftleg fullmakt til nokon som kan søkje på hans eller hennas vegne. Fullmakt skal da leggjast ved søknaden.

  1. Be om naboliste frå kommunen. Fyll ut skjema for utlevering av personopplysningar  (PDF, 438 kB)og send på e-post   byggesak@nord-fron.kommune.no.
  2. Send ut nabovarsel basert på lista frå kommunen. For info og skjema, sjå informasjon om nabovarsling.
  3. Send søknadsskjema  og rekvisisjon for oppmålingsforretning til kommunen med vedlegg:
  • Kart som viser ønska grense
  • Gjenpart med kvittering for nabovarsel

 

Via kartløysinga Kommunekart kan du finne ut om ønska deling er i samsvar med gjeldande arealplan. Skriv inn adresse eller gards- og bruksnummer i søkefeltet. Vel kartlag reguleringsplanar og klikk i kartet. Du får nå opp  reguleringsplan og link til gjeldande planføresegner.

Du kan også teikne inn ønska eigedomsgrense i kartløysinga og ta utskrift som vedleggjast delingssøknaden.

 

Påvise, klarlegge eller nymerke grenser

Dersom du ønskjer å  å påvise, klarleggje eller nymerke ei grense, fyller du ut skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og sender til kommunen. 

Kart som viser aktuelle grenser må leggjast ved rekvisisjonen.

Fann du det du leita etter?
Næringssjef
 
917 12 155
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike