Du er her:

Kommunalt beredskapsarbeid

Kommunane utgjer fundamentet i samfunnet sin kriseberedskap utfrå prinsippet om at alle kriser skal handterast på lågast mogleg nivå. Kommunane har beredskapsplikt jfr. Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret og pliktar å utarbeide risiko- og sårbarheitsanalyse. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarheitsforhold som har betydning for om areal er egna til utbyggingsformål, og evt. endringar i slike forhold som følgje av planlagt utbygging.

Risiko-og sårbarheitsanalysen kartlegg kva uønska hendingar som kan inntreffe i kommunen, vurdere sannsynlegheit for at hendingane kan kome til å skje og konsekvensar av desse . Det skal vurderast forebyggande tiltak for å hindre at uønska hendingar skjer og konskevensreduserande tiltak om / når slike hendingar skjer.

Nord-Fron kommune har overordna beredskapsplan som inneheld ei oversikt over kva tiltak kommunen har førebudd for å handtere uønska hendingar. Det er også utarbeidd beredskapsplanar for enkeltområder t.d. skule og barnehage, psykososialt kriseteam og smittevern.

Eksisterande planverk

I Nord-Fron kommune har vi risiko- og sårbarheitsanalyser ( interkommunal ROS og mini-ROS for skule og barnehage) og 
overordna kommunal beredskapsplan . (PDF, 774 kB)

 

Kontaktpersonar beredskapsarbeid
Namn Telefon E-post
Anita Watterud Heggestuen 61 21 61 22 anh@nord-fron.kommune.no
Tove Haugli 61 21 62 50 tove.haugli@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?

Anita Watterud Heggestuen

Kommunalsjef
 
61216122
 
97075454
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike