Du er her:

Kultur og fritid

Nord-Fron kommune sine tilbod innan kultursektoren:

Biblioteket

Nord-Fron bibliotek ligg i 1 etasje i kommunehuset. Biblioteket har eit vidt spekter av fag- og skjønnlitteratur og ei stor samling oppslagsverk, dagsaviser og tidsskrift. Biblioteket låner elles ut filmar, språkkurs og lydbøker. Det er internett-tilgang for publikum. Biblioteket har også leseapparat for mikrofilm, samt lokalhistorisk materiale som kyrkjebøker og folketeljingar på mikrofilm. Ytterlegare informasjon får du på biblioteket si heimeside.

Fron kulturskole

Fron kulturskole er ein viktig del av Nord-Fron og Sør-Fron si satsing på musikk og kulturliv. Skulen har ca. 190 elevar fordelt på disiplinane klassisk ballett/scenisk dans, teater, visuell kunst, barnekor, piano, ungdomskor, fiolin/bratsj/cello (klassisk), fele (folkemusikk) tverrfløyte, trompet, sang, trombone, gitar, bass, trommer og band. Her finn du meir informasjon om Fron kulturskole

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen organiserer utkjøring av varm mat frå Sundheim 5 dagar pr. veke, det blir teke med kald mat til dei som treng det.Etter oppdrag frå Sundheim/Sundtunet og heimesjukepleiar organiserer frivilligsentralen om følgje til sjukehus, lege, tannlege osv.Frivilligsentralen organiserer også transport frå Sundheim til butikkar for handling kvar fredag, heimebuande blir også henta.

Kvamstunet

Kvamstunet er eit dagsenter og ein sosial møteplass for heimebuande. Senteret held til i Kvernvegen på Kvam, og er ope kvar måndag, onsdag og fredag frå kl 09.00 - 15.00. 

Vinstra ungdomsklubb

Nord-Fron kommune har ungdomsklubb på Vinstra. Vinstra ungdomsklubb har ope på utvalde kveldar i veka, og har ulike aktivitetar for ungdom mellom 12 og 19 år, som airhockey, biljard, matsal, spelrom, quiz, kurs og forskjellige utfluktar.

Det er tilsett ungdomskonsulent i 100 % stilling, klubbmedarbeidar på Vinstra ungdomsklubb i 20 % stilling, og klubbmedarbeidar ved Skåbu ungdomsklubb i 6 % stilling.

Sidan 2003 har Nord-Fron kommune hatt sitt eige ungdomsråd, som kan ta opp saker som gjeld ungdom. Nord-Fron ungdomsråd møtast ein gong i månaden, og elevar ved ungdomsskulane og Vinstra vidaregåande skule utgjer representantane i rådet. Dei har mellom anna starta opp sin eigen festival, Kåja Camp.

Det er eit godt samarbeid mellom ungdomsarbeiderane i midt-Gudbrandsdalen, blant anna gjennom arrangering av Ungdommens Kulturmønstring (UKM) kvar vinter. Regionalt ungdomsarbeid er drifta og koordinert gjennom Ung i Midtdalen . Les meir om ungdomsarbeid her!

Fysisk aktivitet/idrett

Kommunen har ei eiga nettside for folkehelse m.a. med linkar til idrettslaga.

Kulturprisen for Nord-Fron

Sjå meir om Kulturprisen for Nord-Fron kommune her!

Fann du det du leita etter?
Kulturleiar
 
61 21 62 06
 
901 10 350
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike